Så kom sigeren!
Etter berre tap så langt i sesongen, tok J11 sin første siger då Norborg gjesta Nordøy stadion tysdag. Særleg i første omgang viste jentene gode takter.
Trass mange tap, har HaNo sitt J11-lag haldt motet oppe. Alle 14 har vore flinke å trene, og framgangen har komt etter kvart. Sist kanp enda med knapt tap 4-3 mot Ravn.

Mot Norborg løsna det endeleg. Heile 16 mål vart det for HaNo. Mange av dei etter flott spel!

Som vanleg stilte foreldra talrike opp og heia på jentene slik dei har gjort alle kampane til no. Marie opna kiosken, Malin styrte speakeranlegget, og Rebekka var flink dommar. Kjekt med flott ramme rundt kampen!

Mange glade jenter på bilda under :)

J11 har no berre bortekampen mot Hessa igjen før ferien.

10/06-14
Av: Kenneth Ulla






Godt fornøgde jenter etter kampen


















5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: