Nytt G14 show.
Harøy kom på besøk til Nordøyhallen tirsdag, eit godt Harøy lag som vi tidligare sesongar har hatt problem med.
Men det gjekk greit for HaNo.
Underteikna var ikkje sjølv til stades på kampen, men har fått referat frå trenarar og oppmann.

Harøy kom med 7 spelarar til Nordøyhallen, og dei første 10-11 minutta var det jamnt. Harøy hadde sine sjanser og HaNo hadde sine.

Første scoring kom etter 11 minutt når Kristoffer hedda eit innlegg i vinkelen.

Etter dette vida HaNo ut spelet sitt og brukte heile bana si breidde i resten av kampen. Dette gjorde avstandane som Harøy sine spelarar lengre, og dermed tok kreftene slutt etter kvart.

HaNo gav seg ikkje før dei hadde scora 26(!) mål.

Mål HaNo: Ole Martin 5
Evan 5
Eskil 4
Petar 4
Kristoffer 3
Philip 2
Sander 2
Jonas 1

Nok ein gong er det kjekt å få skryte av det som betyr veldig mykje. Harøy sine spelarar tok tapet som \"menn\" og det var ikkje ein ulyd å høyre eller ein unote å sjå. Eksemplarisk oppførsel.

Sameleis var det inga unoter frå HaNo sine spelarar heller.

God og vaksen dommar var Jonny Sylte.

17/06-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: