Etter ein liten nasestyvar før G14 laget gjekk det bra til slutt.
HaNo sitt G14 lag reiste til Harøy i dag med 26-0 frå heimekampen godt i minne. Her skulle 3 poeng hentast heim, men Harøy hadde skumle planer.
Det var Harøy som åpna kampen best med eit par brukbare sjanser. HaNo spelte famlande og med liten plan i det dei foretok seg.

Likevel var det HaNo som tok leiinga først. Philip kom fram på venstresida og sette ballen fint forbi ein god Harøykeeper.

Etter dette tok Harøy over og skapte fleire gode sjanser som HaNo sin gode keeper Danu stoppa. Men det var ikkje dette som stod i manuskriptet til HaNospelarane.

Etter 13 minutt får Harøy corner frå høgre, og ballen blir slått langt bak i feltet. Der er det ein Harøyspelar som er størst og sterkast i feltet, og header ballen fint i ein boge over alle og i nettet. 1-1 er eit faktum.

Ikkje nok med det. Minuttet etter skyt ein Harøyspelar frå skrått venstre i lengste hjørnet. Utagbart for ein god Danu i HaNomålet. Dermed leda Harøy 2-1. Og det var ikkje ufortent. Harøy var aggresive i duellane og var farleg frampå fleire gonger.

HaNo hadde også sine sjanser i denne omgangen. Etter 30 minutt blir ballen spelt frå eigen banehalvdel inn i feltet til Harøy, og Evan set pauseresultatet til 2-2.

Pausepraten var av den aggresive sorten, og den såt ut til å virke. Allereie etter 3 minutt i andre omgang set Lars fint inn 3-2, og herifrå og inn er det berre HaNo. Med litt meir plan og ro over spelet, betre breidd og litt roligare i pasningane, vart våre venner frå Harøy overkjaurde av eit godt HaNolag.

Måla kom slik: 13 minutt Evan, 22 minutt Evan, 27 minutt Lars, 30 minutt Petar og 34 minutt Lars.

Forskjellen i andre omgang var så stor at sigeren var i alle fall ikkje for stor. Men om HaNo frå andre omgang hadde spelt mot HaNo i første omgang, hadde vel sigeren vorte like stor trur underteikna.

Likevel er laget framleis ubesigra denne sesongen, og det står det respekt av.

26/08-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: