HaNo vann igjen i Ratvika
HaNo plukka med seg tre poeng frå kampen mot Aksla måndag kveld!

Etter at vi dei to siste kampane har sluppe inn mål i opningsminutta, greidde vi sjølv å skåre tidleg denne gongen. Resten av omgangen spelte vi disiplinert, tolmodig og godt. Andre omgang var relativt sjansefattig til Håkon krangla inn 0-2. Deretter fekk Aksla ein utvist, og no skusla HaNo vekk nokre feite 0-3 tilbod. Det blei såleis nervar mot slutten etter at Aksla reduserte sju minutt før slutt, men heldigvis kontrollerte vi det inn.

Aksla- HaNo 1-2 (0-1)
0-1 Jan Egil Ulla (4)
0-2 Håkon Haram (58)
1-2 (83)

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Bjørnar Levi Flem
2 poeng: Jan Egil Ulla
1 poeng: Odd Einar Molnes

Gult kort, HaNo: Marius Austnes og Jan-Erik Flem.
Dommar: Torbjørn Vidhammer, Vestnes Varfjell.

Jan Egil Ulla gjekk på eit skikkeleg bakromsløp og han dunka ballen i lengste hjørnet. Pangopning for blåtrøyene, som har gode minner frå bortemøta med Aksla i år. I vår vann vi 3-1 der. Resten av omgangen er spelemessig jamn. Vi skaper ikkje enormt med sjansar, men vi spelar grei fotball, og er i pausen einige om at vi må heve oss nokre hakk til i kvalitet framover. Defensivt er vi gjerrige, arbeidssomme og bestemte i spelet vårt. Aksla fekk ei skåring annullert for hårfin offside ti minutt før pause.

I andre omgang spelar vi framleis variert og oppbyggande fotball. Får med kantane ganske bra, og vi kjem oss til innlegg. Det blir først farleg då ballen dett ned til Håkon, som kranglar inn 2-0 til heimelaget sin frustrasjon. Dei sluttar ikkje å syte, og eine spelaren preikar på seg raudt kort. Etter dette har vi bra kontroll, og Mads og Jan Egil er av dei som har sjansen til å punktere matchen. Trenar Molnes koka litt i overkant med mange bytter mot slutten, og Aksla slepp til siste ti minutta. Aksla kom gjennom midten, og reduserer. No produserer Aksla to nye gode sjansar, mellom anna ei heading som stryk stolpen. Men vi får samla oss igjen, og korrigert litt formasjonen igjen mot slutten, og halar i land tre poeng.

Trenaren er veldig imponert over lagmoralen i dag. Jobbinga er veldig god, det er ingen som sluntrar unna i det defensive arbeidet. Vi er ikkje friskmeldt angrepsmessig, men skaper i alle fall langt meir i denne kampen enn sist. Fin utvikling fram mot LIL2-kampen laurdag. Då håper vi på 200-300 på sidelinja som tek ei pause frå messa i hallen ;)

HaNo (4-4-2)
Kenneth- Sebastian, Odd Einar, Michael, Bjørnar – Christoffer, Marius , Jan Egil, Manuel- Toto, Aleksander

Nytta innbyttarar: Asgeir, Håkon, Damian, Jan-Erik, Mads, Sindre.

01/09-14
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: