God prestasjon av damene
HaNo sitt damelag fekk besøk av Ørsta på HaNodagane. Det såg lenge ut til å gå veldig dårlig.
Ørsta stillte med eit godt lag på Haramsøy Stadion søndag på HaNodagane, og i store perioder i første omgang hadde dei full kontroll på kampen.

Allereie etter 4 minutt pirka Ørsta spiss Sunniva Fjørtoft inn 1-0 i duell med 2 HaNospelarar. Ørsta gjekk hardt ut, men litt mot spelet utlikna HaNo. Julie sette eit frispark frå 20 meter i mål. Her gjorde Hege ein kjempejobb framfor keeper, men ho (Hege) var ikkje borti ballen. Fint mål.

Resten av omgangen var Ørsta gode, og same spelar scora 2 mål til slik at pauseresultatet vart 3-1 til Ørsta.

Andre omgang starter mykje jamnare enn første omgang. HaNo har heva seg ganske mykje, men likevel er det Ørsta som scorer først. Etter 9 minutt fyrer dei av eit fint skot som går i mål bak Siri, og stillinga er 4-1.

Eit lite håp blir tent når Julie reduserer etter 12 minutt, men Ørsta svarer minuttet etter, og med ein halv time igjen av kampen er stillinga 5-2 til Ørsta. Vanskelig men ikkje umogleg.

Siste halvtimen er HaNo klart best. Dei finn roa med ballen og spelar til tider fin fotball. Dei fer også trua på at poeng kan vere oppnåeleg når først Julie og so Judith finn nettmaskane i løpet av eit minutt. Og når Judith bruker venstrefoten, ein fot som vanligvis knapt er brukbar til å sykle med, og fyrer av eit skot som smell i stolpen er håpet verkeleg tent.

Når Julie so utliknar til 5-5 etter 23 minutt, meiner vi det er fullt fortent.

No er det sjanser i begge ender av bana, og den største har Julie. Ho runder keeper, men kjem for nær stolpen, og ballen triller langs linja før den blir klarert.

Ein flott prestasjon av HaNodamene som fort kunne enda med 3 poeng, men kampen sett under ett, var det kanskje rettferdig med uavgjort.

God underhaldning for eit talrikt publikum var det i alle fall.

Christian Rønning var god og rettferdig dommar.

HaNo:Siri, Amalie, Judith, Julie, Silje, Trude, Jeanette, Nathalie, Veronica, Tone, Lise L, Lise T.F, Anne Marthe U.

Mål HaNo: Julie 4, Judith 1.

10/09-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: