Opptur for damelaget
Emblem sitt damelag trudde dei skulde til Harøya for å spele kamp mot HaNo, og dit kunne dei kanskje like godt reist. For i Nordøyhallen hadde dei lite å hente.
HaNo dominerte stort frå start i kampen og skapte fleire sjanser, og enda fleire halvsjanser. Berre sporadisk var Emblem på besøk hjå Lena, HaNo sin gode keeper.

Etter eit kvarter har HaNo sine damer skote i stolpe og tverrliggar 3 gongar, men utan å greie å få ballen i mål. Men etter 18 minutt løsnar det for HaNo, og det er Julie som scorar. Eit innlegg frå venstre blir satt fint i mål ved fremste stolpe.

So etter 23 minutt er gjestane ein tur i angrep, men Judith bryt fint og set fart framover. Ho og Kamilla køyrer denne kontringa i stor fart, og framfor mål ventar Julie som scorer sitt andre etter flott forarbeid av Judith og Kamilla.

Etter 38 minutt får Kamilla ballen midt på motstandarane sin halvdel. Ho forserer litt og skyt hardt vi stanga og i mål. Dermed fastset ho pauseresultatet til 3-0.

HaNo har tydelegvis brukt pausa godt, for i andre omgang starter dei formidabelt. Ikkje meir enn 2 minutt er gått før Veronica får ballen på venstresida. Ho set fart inn i Emblem sitt felt, og spelar fri Julie som scorer sikkert.

4 minutt seinare er det Julie som gjer alt sjølv, og scorer fint på eit skudd i frå ca 16 meter. 2 minutt seinare er det Nathalie som spelar Julie fint fri, og nok ein gong scorer ho sikkert.

Endeleg kan Julie \\\"betale litt tilbake\\\" til Judith. Ho vinn ballen på eigen halvdel, forserer nesten heile bana før ho fint spelar fri Judith, som scorer. 7-0 til HaNo står det no.

Etter 12 minutt får Emblem målet sitt. Dei kjem inn frå høgre og skyt hardt og lavt forbi Lena i lengste hjørnet. Fint mål.

Etter 19 minutt er det ei god Jeanette som scorer fint. Judit skyt frå 20 meter, og returen frå keeper set Jeanette fint i mål.

Etter 25 minut skyt Judith igjen, og ballen sneiar Julie før den går i mål. Ordet \"måltjuv\" fekk ei litt ny betydning her iflg Judith.

I det 25 minutt er det nok ein gong Jeanette sin tur. Ho fer ballen langt ute på venstresida, og ho set fart direkte mot mål. 7 meter frå mål skyt ho. Keeper redder fint, men returen set Jeanette sjølv i mål.

I det 36 minutt scorer Julie sitt sjuande(!) og siste mål for dagen, når ho fer ballen rett framfør mål og scorer greit.

Dei 2 siste måla er det Kamilla som står for. Først med eit fint skot frå høgre i lenste hjørnet, og so når ho set inn ein retur etter frispark.

Kven skal nemnast spesiellt etter dette? Julie med sine 7 mål er god. Tone og Trude som stopper stort sett alt som kjem heile kampen må og nemnast.

Men det er mange gode HaNo spelarar denne dagen. Når trenar roper for å spørje om nokon vil byte, får han nei til svar. Og det einaste negative, er dei som sit på benken som har mest lyst inn og spele.

Ein kjekk dag i Nordøyhallen.

HaNo: Lena, Julie, Veronica, Tone, Anne-Marte U, Kamilla, Nathalie, Judith, Trude og Jeanette.


24/09-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: