Damelagskabalen er lagt
Lars Ulla vert ny hovudtrenar for damelaget til HaNo i sesongen 2009. SUS har arbeidd lenge med ei løysing, og det er altså den avgåtte leiaren i klubben som tek over hovudansvaret. Med seg i trenarteamet blir Kenneth Ulla, Hege Schanche, Jan Egil Ulla og Vegard Halkjelsvik i ulike roller.
Trening i byen
Til liks med herrelaget er Ratvika kunstgras i Ålesund arena for ei trening i veka. Onsdagar kl 2130 deler herre- og damelaget bana. Dette er eit tilbod som forhåpentlegvis motiverer alle spelarane i Ålesundsområdet vi har på laget. Dei ulike rollene til Kenneth, Jan Egil, Hege og Vegard vil Lars kome tilbake til på spelarmøtet til helga.

Trening og spelarmøte til helga
Lars er no spent på kva som kjem ut av spelarmøtet komande fredag.
- Både med talet på spelarar, og korleis vi skal satse framover. Vi må jo ha ein framunder 20 namn for å stille 11-arlag i serien. Vi har hatt 11-arlag i mange år, og å få halde fram med det hadde jo vore det absolutt beste, seier den påtroppande hovudtrenaren. Møtet er kl 1830 på Haramsøy skule, med trening etter møtet. Dei som ikkje kan møte, må sende melding til Lars, på tlf 95 70 94 47.

Så då jenter, er det berre å mobilisere mot helga, snakke saman, få med flest mogleg, og gjere det til eit godt og nytt positivt utgangspunkt for sesongen 2009!

06/01-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: