Enorm sesong for HaNo sitt G14 lag.
Med 2 kamper igjen trengde HaNo sitt G14 lag berre ein siger for å sikre spel om Kretsmeisterskapet. I Eidsdalen mot NEG (Norddal/Eidsdal/Geiranger) fekk dei seg en på trynet allereie etter 12 sekund.
Vi var knappast kommt på land fra ferga før NEG fyrte av eit skot frå 25 meter. Ein litt dekt Helge i målet greidde ikkje å stoppe skotet. 1-0 til heimelaget var absolutt ikkje planlagt.

Men det gjekk ikkje lenge før Ole Martin vart spelt fint fri framfor mål, og han sette ballen fint i hjørnet forbi ein god NEG keeper. Dette var etter 3 minutt.

5 minutt seinare var det Philip som vart fint spelt fri, og han scora sikkert. Herifrå og ut var det berre HaNo omtrent.

Ole Martin headda lekkert inn 3-1 etter 13 minutt, og auka seinare til 4-1.

Etter 22 minutt er det Espen som kranglar til seg ballen i duell med keeper, og ballen går til Kristoffer som scorer via ein heimelagsspelar.

Etter 31 minutt får Evan litt rom, og han er ikkje tung å be. Han fastset pauseresultatet til 6-1 til HaNo.

Etter pause fortset HaNo med det gode spelet. Denne dagen hadde dei skikkeleg flyt. Espen scorer fint etter 10 minutt, og Kristoffer auker til 8-1 etter 18 minutt av andre omgang.

I det 25 minutt får vi eit kunstmål av Jonas. Han får ei fin pasning på ca 15 meter. Vipper den opp med venstre fot og skyt på hel volley med høgre, utagbart for NEG sin keeper. Flott mål av Jonas.

Lars har hatt ein litt ekkel sesong. Ikkje mindre enn to gonger har han brote bein. Etter 29 minutt fekk han ut all frustrasjon. Han forserer frå eigen 8 meter. Det er fleire ledige spelarar som roper etter ballen, men Lars har plass og rom, og held på ballen. På 20 meter skyt han eit skot som ein NEG spelar stoppar med handa. HaNo frispark 10-11 meter frå mål. Lars går resolutt bort og tar ballen, legg den til rette og kliner den opp under tverrliggaren. Han fastsette dermed sluttresultatet til 10-1 til HaNo.

Ein kamp før slutt er dermed HaNo klar for kamp om KM tittel. Ein stor prestasjon. Torsdag reiser dei til Blindheim for å spele mot deira 2 lag, men ingen kan ta igjen våre gutar. Stordal ligg føre oss på tabellen for hausten, men dei har brukt overårige spelarar, og kan dermed ikkje spele om KM. Dei slo også oss i haust. Men om ein hadde rekna saman tabellen for heile sesongen, hadde HaNo vore på topp.

Slik det ser ut no er det Folkestad som blir motstandar i kampen om KM. Dette blir avgjort på ekte europacupvis med ein heime og ein bortekamp.

Då håper vi på full Nordøyhall med folk som vil sjå god fotball av store talent.

29/09-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: