G14
Trenar Ola fekk tilbod om å reise til Madrid og sjå El Classico i dag, men med myndig røst forkynte han at det var nok desverre berre den nest viktigaste kampen i dag. G14 skulle til Folkestad og spele siste kamp om KM tittel.
KAMPEN
HaNo hadde 8-3 å gå på frå kampen i Nordøyhallen for ei veke sidan, men dette la absolutt ikkje nokon dempar på nervane til hverken gutane, ledarane eller publikum før kampen på Folkestad. Vi visste nemleg at Folkestad var eit svært godt lag, og at viss underlaget var litt uvant for oss og dei fekk flyt i sitt spel so scora dei 5 mål (knips) so fort.

Det er mykje snakk om nerveberoligande middel for tida, men ein ting er heilt klart. Det er at Ole Martin si \\\\\\\"innkrangling\\\\\\\" av 1-0 målet til HaNo etter 15 sekund verkar betre enn alt anna. Då såg vi at det gjekk an å score mål.

Folkestad utlikna eit drygt minutt seinare, og då var nervane ute og køyre igjen. I alle fall på sidelinja.

Kampen bølga no ein del fram og tilbake, men vi hadde følelsen av at HaNo var det førande laget, eit alder so lite strå vassere enn Folkestad. Vi meiner då at det var fortent at vi gjekk opp til 2-1 ved Lars etter 12 minutt.

No hadde HaNo kanskje si beste periode i kampen, og det var slett ikkje ufortent at det vart 3-1 ved Ole Martin etter 24 minutt og 4-1 ved Philip etter 30 minutt.

So kom det ei litt vanskeleg periode. Sander takla ein Folkestadspelar litt seint etter 33 minutt og fekk sjå det gule kortet frå kampens domar. Det betyr i denne klassen at han må ut av kampen i 5 minutt. Det vart då litt stress i og med at vi vart ein spelar mindre. Når då Philip 2 minutt seinare tok det same momentet og også han fekk sjå det gule kortet, vart vi litt stressa på sidelinja. Vi kan, etter reglane. berre ha ein spelar \\\\\\\"utvist\\\\\\\" i gongen. Men det blei litt hektisk å ver HaNospelar og leiar i desse minutta.
At Folkestad scora eit mål i det 35 minutt hjalp ikkje i det heile tatt.

Andre omgang starta med eit heiltent Folkestad. Dei første par minutta var dei ein spelar meir, og dei reduserte nok ein gong etter 2 minutt av andre omgang.

No var Folkestad gode, og kjaure hardt på for å få fleire mål, og det fekk dei. Dei fekk faktisk 2 mål. Dei scora etter 5 og 10 minutt av andre omgang, og dermed tok dei over leiinga i kampen med 5-4.

No var spenninga til å ta og føle på i begge leirane. Folkestad såg sjansen, og det måtte takast tak. Vi på sidelinja har sett motgang før med dette laget, og det er ikkje alltid noko vakkert syn. Men gutane på bana ville det annaleis denne dagen.

Etter 16 minutt skyt Nicolai, keeper gir retur og den set Nicolai sjøl i mål. Jubelen frå HaNo supporterane haurest då heilt til Lauvstad, det er underteikna heilt sikker på.\\\\\\\'\\\\\\\'

Og når Ole Martin scora 6-5 til HaNo etter 23 minutt, trudde vi at sigeren var sikra. Men Folkestad gav seg ikkje, og i kampens siste ordinære minutt utlikna dei, slik at kampen enda 6-6. Ein flott fotballkamp mellom 2 gode lag.

REAKSJONER.
Etter kampen var sjølvsagt stemninga stor i HaNo si garderobe, og det blei ropt og jubla lenge. Vi har verdens beste og mest pertentlige oppmann i Lena Hagen, men når underteikna spurte om ka ti ferga gjekk heimatt svarte ho \\\\\\\"det drit eg i. Det går heile dagen.\\\\\\\" Ikkje noko anna betydde noko enn at vi hadde sikra oss Kretsmesterskapet.

LAGET
G14 består av Danu, Helge, Philip, Sander, Nicolai, Evan, Lars, Ole Martin, Jonas, Christoffer, Petar, Eskil og Espen.
Laget gjekk gjennom heile vårsesongen utan å avgi poeng, og har hatt ei rivande fin utvikling. Spelarar har gått frå å ver heilt gjennomsnitlige til å bli frontfigurar i løpet av sesongen. Eit fint grunnspel og gode enkeltspelarar har ført til at motstandarane våre har funne oss vanskelege å spele mot.

På hausten har vi gått på 2 \\\\\\\"smellar\\\\\\\", og det har gått på konsentrasjon og innstilling. Dette er ting du har lov til å bomme på litt av og til når du er 13 og 14 år gammal.

PUBLIKUM
I Nordøyhallen sist helg kom det mellom 120 og 150 tilskodarar til første kamp, og på bortebane var det mange som var med bussen, nokre hadde eigen bil og nokre som bodde i nærområda hadde og tatt turen. Desse gav masse lyd frå seg, og vi måtte halde ei ekstra auge med Greta mot slutten. Ho var veldig spent og gav klart uttrykk for det. Men det gjekk og bra.

MOTSTANDAR
Folkestad var imponert over mottagelsen dei fekk når dei kom til Nordøyhallen sist helg, og dei gav tilbake når vi kom til Folkestad. Vi blei tatt imot på beste måte av veldig hyggelige folk, og vi blei gratulert med KM tittel av alle og einkvar der inne. På langsida av grusbana stod det masse folk, ca halvparten frå kvar leir. Midt i kampen kjem ein Folkestadsupporter bort til oss og seier at \\\"dette er slik fotball virkelig skal vere. Opp med trykket.\\\"

Dei hadde eit svært godt fotballag, der det blant anna var med 2 jenter som ikkje stod tilbake for nokon. Trenaren deira var ekstremt hyggelig, og spelarane oppførte seg eksemplarisk. En kjekk opplevelse å få besøke sånne folk.

MOTTAGELSEN
Når vi kom heim hadde det samla seg ett femtitalls folk med flagg, plakater og stort lydanlegg der \"We Are The Champions\" runga ut av høgtalarane. Odd Einar og Geir Olav gjekk rundt med trådlause mikrofonar og intervjua dei nye Kretsmestarane. Ikkje eit auge var tørt når vi forlot fergekaia, og vi kan berre beklage til dei andre reisande som fekk oppleve eit lite kaos på fergekaia som Norled er heilt uskuldige i. Det var kjempekjekt.

STØTTEAPPARAT
Per Olav sat på ein jernkoloss uti havet når kampen gjekk, og hadde overlatt roret til Hallgeir og Ola. Vi hadde taktikkmøte fredag kveld, og eit av hovudmåla var å halde antal scora mål so lavt som mogleg. Det kan ein vel ikkje sei var heilt vellukka etter 6-6, men at der var coaching i verdensklasse i gitte situasjoner kan det ikkje vere nokon tvil om. Før nemnte oppmann Lena hadde som vanleg full kontroll på alt, både før, under og etter kampen.

PER OLAV
Norges Konge har lenge hatt mottoet \\\\\\\"Alt For Norge\\\\\\\". PO har mottoet \\\\\\\"Alt Gjeng\\\\\\\". Han har tatt desse gutane under sine vinger og ofra alt og satsa alt på dei. Det er ein fantastisk jobb han gjer. Vi er alle veldig glade for at det finst slike folk.

KONKLUSJON
Konklusjonen er i grunn ganske grei.

HANO SITT G14 LAG ER KRETSMESTER 2014.

25/10-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: