Damelaget med 11ar lag
Det vert 11ar lag også denne sesongen. Det vart klart etter at trenarteamet hadde møte laurdag. No er vi fulle av pågangsmot og innstilt på å få ein kjekk sesong!
Damelaget har hatt sine 4 første treningar, og trenarteamet meiner at det er grunnlag for å melde på 11ar lag også i år. Vi har omlag 20 spelarar på blokka, og håper på å få med endå fleire.

Det har vorte sett opp ein treningsplan som vil bli lagt ut her ein av dei første dagane. Her viser det også kven av trenarteamet som vert på kvar trening. Det er stort sett 2 trenarar på alle treningar. Det varierer mellom 2 og 3 treningar i veka no fram til påske. Treningsdagar er tysdag/onsdag og fredag. Dei vekene det er 3 treningar, er den siste treninga på laurdagane. Tidspunkta varierer litt, men vil gå fram av treningsplanen.

Komande tysdag er det trening på Austnes for dei som er i nærheita. Kl 19.30 er den treninga. Ta med utstyr for ute og inne. Vi oppmodar alle som er på øyane om å ta seg ei trening denne dagen. Også dei som berre vil trimme litt.

For bygjengen er det treninga i Ratvika onsdag kl 21.30. Få med flest mogeleg til denne treninga! Her vert det for det meste spelt fotball.

Hugs at dess fleire vi er dess kjekkare er det!

18/01-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: