Kva avdeling...?
Sunnmøre fotballkrets (SFK) har fått påmeldt 27 lag til den ”nye” 5. divisjonen. 6. divisjon er som kjent lagt ned. HaNo skal ut i mange lokaloppgjer, men SFK får ei utfordring i å legge denne avdelingskabalen. Hanofk.no spekulerer i korleis dei kan bli.
Reint geografisk, er dette ei naturleg inndeling:

\"Søndre\" (10 lag)

Bergsøy 2
Flø
Gjerdsvika
Gursken/Larsnes
Haddal
Hareid 2
Hasundgot
Kvamsøy
Tjørvåg
Åheim


\"Midt\" (10 lag)

Blindheim 2
Ellingsøy
Emblem
FK Sykkylven 2
Giske
Godøy 2/Vigra 2
Langevåg 2
Stranda 2
Sæbø
MSIL


\"Nordre\" (7 lag)

Brattvåg 2
HaNo
Harøy
Lepsøy
Ravn
Skodje
Stordal

Om SFK vel å halde avdelingane slik, så må ”Nordre” spele trippel serie, medan dei to andre spelar enkel serie. Det vil seie 18 kampar på alle. Det er nok likevel lite sannsynleg. Kanskje vel dei flytte over nokre lag. Ein må då i så fall ta omsyn til antall andrelag, samt plasseringar i 4./5./6. divisjon i 2008. Då vil tre avdelingar á 9 lag kanskje sjå slik ut:

\"Sør\"

Bergsøy 2
Flø
Gjerdsvika
Gursken/Larsnes
Hareid 2
Hasundgot
Kvamsøy
Tjørvåg
Åheim


\"Midt\"

Ellingsøy
Emblem
FK Sykkylven 2
Giske
Godøy 2/Vigra 2
Haddal
Stranda 2
Sæbø
MSIL


\"Nordre\"

Brattvåg 2
HaNo
Harøy
Lepsøy
Ravn
Skodje
Stordal
Langevåg 2
Blindheim 2

23/01-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: