Dårlig første omgang øydela
HaNo greidde ikkje å svare på Ravn si innstilling og aggressivitet i første omgang og låg fullt fortent under 4-0 til pause. Heldigvis betring etter pause, men dette var for svakt av HaNo.
05.02.09. Kampfakta:
Ravn-HaNo 4-2 (4-0)
Mål:
1-0 (4) Jørn Heggelund
2-0 (7) Ingebrigt Bjørkevoll
3-0 (30) Sverre Flem
4-0 (37) Sverre Flem
4-1 (65) Stig Frode Longva
4-2 (87) Kent Inge Klokk
Dommar: Geir Arne Nordby, Ravn
Gule kort, HaNo: Alexander Eide, Cato Longva, Demir Haram, Michael Austnes.

HaNo ville prøve å gå ut aggressivt, men det let seg ikkje gjere. Dels grunna stor passivitet, men kanskje mest grunna eit heimelag som hadde dei same planane- og lukkast! Eine angrepet etter det andre gav hjørnespark, og to av dei resulterte i skåring. Heggelund kriga den i mål på 1-0, og på den andre er HaNo så passive at dei berre beinar den i eige mål. HaNo kom noko meir med midt i omgangen. Cato kom halvvegs gjennom, men blei rutinert hekta av Eivind G Ulla. Alecs burde fått straffe, men den gode dommar Nordby vurderte det ufatteleg nok slik at han la seg ned i feltet og gav han i staden gult kort for filming.

Ravn heldt fram med godt spel, kom rundt på kantane, og HaNo blei ikkje med på leiken. Ein vann nokre duellar her og der, men på andreballane var vi milevis unna. Hardtarbeidande Sverre Flem kriga inn 3 og 4-0. Den siste hadde Henrik først taket på, men mista ballen.

Andreomgangen blir trøysta etter denne kampen. Innstillinga snudde, og HaNo jobba no plutseleg som eit lag. Utan å produsere mange store sjansar rett nok, men trykket var der ok heile tida. Vebjørn spelte kant i andre omgang, og hadde eit forsøk i stanga. Stig Frode putta på ope mål midt i omgangen, der målvakta mista ballen og Lars Petter var observant. Kent Inge kjempa i mål ei ny redusering heilt mot slutten.

Baneforholda var kjempegode på Ravn si kunstgrasbane. Litt puddersnø i botnen av graset, men dei hadde gjort ein kjempejobb med bana. Nok ein treningskamp med god og myndig dommar. Kjekt at dommar Geir A Nordby stiller opp slike kampar. Neste treningskamp for HaNo er Sunnylven på Emblem stadion neste helg.

HaNo (4-3-3):
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Odd Einar Molnes, Vebjørn Steen- Åge Flem Ulla, Cato Longva, Vegard Halkjelsvik- Ove Otterlei, Stig Frode Longva, Alexander Eide.

Nytta innbyttarar: Lars Petter Haram, Dag Peter Olsen, Demir Haram, Lars Åkre, Kent Inge Klokk.

06/02-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: