Kampoppsettet drøyer i 5. divisjon
Det er framleis ingen terminliste klar for HaNo sitt herrelag og 5. divisjon avdeling 3. Sunnmøre fotballkrets har no sendt ut ei kort spørjeundersøking til klubbane vedkomande kamp- og avdelingsoppsettet i 5. divisjon.
Det har vore mykje styr i etterkant av at avdelingsoppsettet blei offentliggjort for eit par veker sidan. Dei to godt besøkte lokale nettstadane norborg.com og stordal.nu har vore ganske så kritisk heile vegen, og ikkje minst etter at Hareid IL nekta å spele med sitt 2.lag i avdeling 2. Hareid fekk etterkvart vilja si, havna i avdeling 1, der 10 lag no spelar sør for Breisundet.
Sunnmøre fotballkrets har etter dette verka usikker på korleis dei løyser det at avdelinga med 8 lag berre har 14 seriekampar på programmet att. Her kan ein sikkert vurdere å spele trippel serie (21 kampar), men for dei to andre avdelingane er det ikkje lett å gjere endringar?

Det ein mellom anna spør om i spørsmåla til klubbane er om vi kan tenkje oss å spele innanfor visse datoar, fram mot 1. november osv. for KM og evt opprykk. Slik sett tolkar vi det slik at dei til og med ikkje har bestemt seg for avdelingsoppsetta. Fleire andre klubbar ymtar frampå om ein eventuell kvalik-runde med dei to beste laga i kvar avdeling kan gjennomførast seint på hausten. Så det kan godt drøye ei god stund før vi får kampoppsettet, ser det ut til.

Men ein kan kjefte så mykje ein vil på Sunnmøre fotballkrets. Ein må uansett hugse at det var klubbane som bestemte at 6. divisjon skulle fjernast på Kretstinget i november 2008. SFK tek sikkert i mot med takk korleis ein skal avvikle ein serie med 27 lag, der geografi tel så mykje.

Slik avsluttar dagleg leiar i SFK innlegget sitt som står å lese på Sunnmøre fotballkrets sine nettsider:
\"Denne spørreundersøkelsen vil så danne føringer for hva SFK gjør videre. Er det et stort ønske om å beholde dagens avdelingsoppsett, så gjør vi det. Ønsker klubbene noe annet, ja, så får vi sette oss ned i fellesskap og finne gode og konstruktive løsninger til det beste for fotballen på Sunnmøre.\"
Då er det berre å vente på neste trekk frå SFK si side…

16/02-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: