Treningsleir Harøya
Her er litt info til dei som skal av gårde til Harøya.
Minner om avreisetider:
Hurtigbåt
Ålesund 1610
Haramsøya 1700
Ank Harøya 1725

Ferje
Brattvåg 1610
Ank Harøya 1700

Dei som har bilar (Lars Å, Lars U, Asgeir, Odd Einar, Demir, Jan Egil) ventar på hurtigbåten og skyssar alle til Huse og IP Huse-hallen.

Dametrening kl 1800-1930
Herretrening kl 1915-2045 (Herrelaget spelarmøte kl 18 på klubbrommet til HIL)

Laga drar til Finnøy havstuer etter treningane. Dusjing der.

Tacoaften, sosial kveld m/ quiz kl 2130 og utover

Laurdag

Frukost til avtalt tid

Turnering,herre kl 1000-1220
Trening damer Kl 1220-1350
Lunsj/bading etter fotball

(Vi har spurt både Brattvåg og Ravn/Norborg om dei kunne kome å spele 7-arkamp for damer, men dei hadde ikkje nok folk)

Avreise
Hurtigbåt
Harøya kl 1625
Haramsøya kl 1650
Ålesund kl 1745

Ferje
Harøya 1625
Brattvåg 1735

Ha med bra med klede, det er minst like kaldt inne i hallen som det er ute, men lite vind og nedbør  Hue og tynne treningshanskar er ikkje dumt.

Ta elles med ein ekstra shorts/badedrakt. Og godt humør og treningsvilje!!

HaNo sponsar dei som køyrer, så ingen treng å betale sjåførane. Elles blir det rabatt på overnattingane med ca 150 kroner pr pers.

Spørsmål? Spør LarsU eller Odd Einar

26/02-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: