35 HaNo-spelarar testa IP Huse-hallen
Om lag 35 spelarar frå HaNo sitt dame-, herre- og old boys lag var i aksjon under treningshelga på Harøya i helga. Dei mannlege utøvarane spelte også ei five-a-side turnering med og mot Harøy IL laurdag.
Fredag kveld trente damelagt først og herrane etterpå. Målet på graset er 69 meter og breidda er om lag 46 meter. Herrelaget spelte 9 mot 9 i spelsekvensen, og området var stort nok til det. Eit svært godt underlag å spele på.

Om kvelden var over 30 personar på plass på Finnøy Havstuer. Tacobuffeten smakte fortreffeleg, og quizen etterpå skapte engasjement. Ove Otterlei var mest høglytt, men kom ikkje på vinnarlaget.. Det gjorde derimot Ole Lennart, Britt Tove, Lars Å og Vegard.

Laurdag starta med god frukost. Til Myklebust kl 0930 kom også seks middeladrande (!) karar med Øyprinsen. Kl 10 var første kamp i gong i IP Huse-hallen. HaNo 1, 2 og 3, Harøy 1, 2 og 3, samt Harøy Old Boys og HaNo Old Boys utgjorde dei 8 laga. Keeper pluss fire utespelarar på bana. HaNo 3 og ikkje minst HaNo Old Boys vann kvar sine puljer, og i finalen greidde HaNo 3 og slå dei eldste. Arvid Tomren, Petter Ståle Klokk, Ivar Fjørtoft, Per Olav Vedeld, Andreas Flem og Henning Flem beit godt frå seg. Eit høgdepunkt for publikum var 3-3 kampen mot Harøy Old Boys. Der var det mykje ”gamle dagar”-stemning mot Morten Håheim, Finn Harnes og Co.

Damelaget var ikkje så mange spelarar, men to Harøy-spelarar (Leila Hellouli Harnes var ei av dei) stilte opp laurdag, og gjorde at dei spelte 15 minutt gonger 4 five-a-side kampar, og jentene var nøgde med treningsutbyttet.

Etter øktene laurdag bar det i vatnet. ”Håp i havet” blei ei muskulært avslappande avslutning på treningsweekenden.

02/03-09
Av: Odd Einar Molnes






LarsU premierer HaNo-spelarar for god innsats!


Leila Hellouli Harnes viser gamle takter


Brian får mamma Lise sin premie og vel så det, med Lillemannen, som Brian kalla han Lars.


Old Boys klar for innsats. Her etter 3-3 kampen mot Harøy Old Boys


Arvid og Petter Ståle skiftar om på HIL sitt klubbrom


Lars Petter Haram og Eivind Fugledal i gult angripar mot HaNo Old Boys. Dei gamle blei eldst denne kampen!


Finalelaga. Dei nedste, HaNo 3, bit i gullmedaljene sine. Demir Haram, Lars Åkre, Even Vestavik, Cato Longva, Kent Inge Klokk og Per Jarle Fjørtoft med Brian på fanget.


Meir frå damelaget: Innsatsprisen til Emily!


Avslapping i bassenget på Finnøya: Ole Lennart Vassbotn, Jan Egil Ulla og Stig Frode Longva.



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: