Tap mot avdelingskollega
Nok ein gong slapp HaNo inn mykje mål før pause. Og igjen spelte dei godt etter pause. Men denne gongen greidde ein ikkje å ta att leiinga til motstandaren. (Bilete frå kampen kjem seinare søndag)
06.03.09, Ellingsøy kunstgras.
Kampfakta:
Ellingsøy-HaNo 3-2 (3-1)
Mål:
1-0 (4)
1-1 Alexander Eide (24)
2-1 (24)
3-1 (26)
3-2 Junior Da Silva (85)
Dommar: Mikal Skodjereite, Skodje

Ellingsøy har hatt brukbare resultat mot både 3. og 4. divisjonslag i vinter, og verkar å vere bra rusta til å kjempe om opprykk til 4. divisjon i år. Avdelingskollegaen til HaNo opna i alle fall best. Sløvt press på HaNo si høgreside gjorde at innlegget kom for lett, og i feltet avsluttar heimespelaren i mål etter berre fire minutt. HaNo er med på notane, men det er ikkje særleg presist. Spesielt den siste pasninga som skal inn framfor mål er ikkje god nok.

Alexander Eide opnar målkontoen i år etter godt initiativ. Han kastar inn til Stig Frode Longva. Spissmakkeren legg igjen til Alex som skårar med eit fint plassert skot. Men Ellingsøy svarar kjapt. Igjen kjem dei til innlegg på kanten, og sikringa til backen vår er fråverande. 2-1. Ellingsøy går til pause med 3-1 også. Nytt innlegg, og i feltet er HaNo-spelarane for langt unna der det skjer.

Andre omgang er HaNo kort og godt det beste laget. Vebjørn Steen kom seg til mange sjansar, men avslutningane hans gjekk ikkje i mål. Stig Frode lurer keeperen, men frå skrått hald treff han utsida av det blanke målet. HaNo ruller til tider bra opp, greier å bruke kantane, men igjen blir ikkje innlegga presise nok. Stig Frode avsluttar eit godt Alex-innlegg, men heller ikkje den går i mål. Junior Da Silva er på ein prøveperiode frå Lepsøy IL, og skåra fem minutt før slutt etter at målvakta mista ballen ganske lett. Ellingsøy var småskumle på nokre kontringar, men HaNo fekk også sjansen til å utlikne. Det enda med 3-2 til Ellingsøy.

HaNo (4-4-2):
Lasse Buch- Jonas Longva, Michael Austnes, Cato Longva, Kent Inge Klokk- Vegard Halkjelsvik, Jan Egil Ulla, Lars Petter Haram, Lars Åkre - Alexander Eide, Stig Frode Longva.

Nytta innbyttarar: Vebjørn Steen, Junior Da Silva, Kristian Kalvøy, Demir Haram.

Bilete av Roy Standal.

08/03-09
Av: Odd Einar Molnes






Cato Longva var kaptein på sin 20-årsdag.


Stig Frode på forrige bilete ja.. Her er kaptein Cato!


Junior set ballen i mål.


Stilstudie av backane i 2. omgang: Kristian med innsidepasning...


...og Demir med halvtliggande vristspark!


LP har også ein plan!


Vebjørn er fryktinngytande rett og slett!!!


Alex på venstresida.


Vgard blir tackla hardt i første omgang, og måtte ut med skade.


Slit litt biletinnlegga her. Dette er Vegard!!



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: