Fem skåringar i andre omgang
Første graskamp er gjort unna for HaNo i 2009. Harøy besøkte ei høgst spelbar Rogne-bane i solskinet søndag ettermiddag. Det var ingen skåringar før pause, medan HaNo putta fem i andre omgang.
29.03.09, Rogne gras.
Kampfakta:
HaNo-Harøy 5-0 (0-0)
Mål:
1-0 Per Jarle Fjørtoft (46)
2-0 Kent Inge Klokk (65)
3-0 Jan Egil Ulla (81)
4-0 Vebjørn Steen (83)
5-0 Lasse Buch (88)
Dommar: Rolf Longva, HaNo.

HaNo gjekk hardt ut i starten, men ingen store målsjansar heilt til begynne med. Harøy avklara greitt, og hadde nokre oppspel, men HaNo-forsvaret rydda godt. Stig Frode Longva hadde eit par halvsjansar, og ein meget stor for HaNo før pause. Kantspelet sat bra, men heller ikkje Ove Otterlei ekspederte eitt av mange Asgeir Nogva-innlegg bak Nicolai Flatøy i Harøy-buret.

Forløysing i andre
Andre omgang blei ikkje gamal før HaNo tok leiinga. Per Jarle Fjørtoft hadde spelt i eitt og eit halvt minutt før han sette ballen i mål. Innlegg frå venstre, han vendte fint opp og plasserte ballen trygt i mål. Ein annan innbyttar brukte om lag like lang tid på å markere seg: Kent Inge Klokk kom inn i det 62. minutt, og i det 64. stod det 2-0. Også denne gongen innlegg frå Asgeir, som kombinerte fint med ein for dagen svært opplagt Åge Flem Ulla.

Heldt nullen
Harøy kunne og burde redusert ved Stian Harnes eit par gongar, men Stian har heldigvis for HaNo ikkje skote seg heilt inn endå. Espen Harnes overraska Lasse Buch, men skotet gjekk i nettveggen. Elles var forsvaret generelt flinke å falle av og avskjere HIL for særleg fleire måltilbod. HaNo fekk årets første smultring bakover, og den sjølvtilliten skal vi ta med oss vidare.

Tre på slutten
For 2. omgang var utvilsamt heimelaget sin, som leverte godt spel langs kantane denne gongen. Midtbanespelarane var flinke til å distribuere ballen til kantane (ofte via back), og backane var flinke å overlappe. Spesielt Vebjørn Steen kom ofte opp. Vebjørn spelte kant siste kvarteret, og etter at Ove Otterlei spolerte sin sjanse, skåra Vebjørn sikkert frå 15 meter med venstrefoten sju minutt før full tid. Dermed araber-flikk-flakk-feiring på vår nybakte krinsmeister i kombinert (!) for juniorar. Jan Egil Ulla skåra rett frå corner like før.

Lepsøy neste
5-0 og sluttresultat fekk Lasse Buch æra av å sette inn. Stig Frode blei felt, og var generøs nok til å la målvakta få sjansen frå 11-meteren. Rolf Longva hadde full kontroll heile kampen som dommar. Harøy kom med 13 mann, mangla ein del sentrale spelarar, og blir garantert sterkare når Harøy møter HaNo i serien 23. mai. Neste oppgåve for HaNo er Lepsøy komande torsdag. Også den kampen skal i utgangspunktet gå på Rogne. Håper sørvest-meldingane ikkje set ein stoppar for det. Elles skal HaNo spele mot Midsund (2.påskedag) og Stordal (18.april) før serien startar 27. april.

HaNo (4-3-3):
Lasse Buch- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Dag Peter Olsen, Vebjørn Steen, - Jan Egil Ulla, Cato Longva, Åge Flem Ulla- Ove Otterlei, Stig Frode Longva, Asgeir Nogva.

Nytta innbyttarar: Lars Petter Haram, Per Jarle Fjørtoft, Jonas Longva, Kenneth Ulla, Kent Inge Klokk, Demir Haram.

29/03-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: