Gutelaget vann igjen
Gutelaget vann 3-0 mot damelaget i dagens kamp på Rogne. Kampen var langt jamnare enn sist. Denne gongen var damelaget det beste laget spelemessig, medan gutane skapte nokre sjansar på gjennomløp.Meir kjem
HaNo gutelag - HaNo damelag 3-0 (0-0, 2-0. 1-0)
1-0 Olve Steen
2-0 Eivind Fugledal (straffe)
3-0 Håkon Haram

Dommar: Even Vestavik

Det vart ei god treningsøkt for begge laga, då dame - og gutelaget fekk testa grasskoa på Rogne 2. påskedag.

Kampen var jamn spelemessig, med damelaget eit lite hakk før når det gjald pasningsspel. Gutane var farlege på når dei kom på sine raske angrep. Maria Ulla redda flott 2 gongar i første omgang då gutane kom åleine gjennom.

I den andre av dei 3 omgangane, sette først Olve Steen inn 1-0 frå kloss hald, før Eivind Fugledal var sikker frå straffemerket.

Håkon Haram sette inn 3-0 i siste omgang.

For damelaget var det stor framgang spelemessig. Fleire spelarar er no trygge i posisjonane sine, og det var meir plan over pasningsspelet.
Totalt sett ei god gjennomkøyring for begge lag berre 2 veker før seriestart.

13/04-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: