Damene vann generalprøva
HaNo og Spjelkavik har møttest ein gong tidlegare i vinter. Då vann HaNo 3-2 borte. Søndag kom Spjelkavik til Rogne, lystne på revansje. Men HaNo drog nok ein gong det lengste strået


19.04.09, Rogne gras.
Kampfakta:
HaNo-Spjelkavik 2-1 (2-0)
Mål:
1-0 Sunniva Tomren (4)
2-0 Anna Marøy Austnes (14)
2-1 Gunnbjørg Svendsøy (37)
Corner:
5-5

Dommar: Cato Longva, HaNo

HaNo og Spjelkavik har møttest ein gong tidlegare i vinter. Då vann HaNo 3-2 borte. Søndag kom Spjelkavik til Rogne, lystne på revansje.

Kampen starta godt for HaNo, og allereie to minutt etter at dommar Cato hadde blese i fløyta fekk Sunniva ballen på 2 meter. Men ein uheldig sprett gjorde at det ikkje stod 1-0.
Dette retta Sunniva like vel opp to minutt seinare. Ho mottek ballen på seksten meter, legg ballen til rette og skyt rett i mål. HaNo fekk dermed ein pangstart på kampen.

Berre to minutt seinare får Spjelkavik sin første sjanse, men heldigvis for HaNo stryk skotet stolpen og dermed femmeterutspel. Etter dette gjekk det meste i HaNo denne omgongen. Når klokka passerar elleve minutt får HaNo corner. Sunniva er veldig nær å legge cornaren rett i mål, men ein liten stuss og stolpen stod i vegen.
Tre minutt seinare får ei for dagen veldig opplagt Sunniva kriga til seg ballen på hjørnet av Spjelkavik sin sekstenmeter og legg inn frå høgre. Inne i feltet er Anna Marøy Austnes på rett plass til rett tid, og får kriga ballen forbi Spjelkavik sin keeper. Eit flott mål vi skårar etter god jobbing.

Kampen bølgjer.
Resten av omgangen er det mykje spel på midten, men med eit visst HaNo overtak. Det er nokre halvsjansar til begge lag, og ein Spjelkavik spelar skaut høgt frå tjue meter, men ballen gjekk so vidt over tverrliggaren og opp på nettaket.
I omgongens siste speleminutt får Lise Tomren ein kjempesjanse etter nok ein god corner. Ho får stå åleine på bakerste stolpe, men headinga gjekk diverre rett utanfor.

Lik andreomgong.
Andre omgong blei veldig lik den første. Litt bølgjande spel, men med eit lite HaNo overtak.
To minutt ut i den andre omgongen fekk likevel Spjelkavik ei redusering, og den var av det vakre slaget. Etter eit HaNo angrep som blir brote, mottek Gunnbjørg Svendsøy ballen på midtbana. Ho forserar med ball og rundar både ein og to HaNo spelarar, før ho sett ballen høgt i mål frå skrott hald. Eit flott mål.
Rett etter skåringa kunne likevel HaNo ha trygga leiinga då Britt Tove Vedeld kjem nesten åleine med keeper, men litt pressa kjem skotet midt på keeper. Stor sjanse.

Spjelkavik tek over spelet.
Litt ut i omgongen tek Spjelkavik over spelet, sjølv om det er HaNo som produserar dei store sjansane. Spjelkavik fekk lov til å trille litt meir ball enn dei fekk lov til elles i kampen, men HaNo var flinke til å bryte og gå på løp. Og etter tjuetre minutt skyt Sunniva frå seksten meter. Skotet går midt på keeper, som må gi retur. Returen mottek Siri Klokk Austnes på 5 meter, men avslutninga gjekk so vidt utom.

Ebbar ut.
Når det er fire minutt igjen av andre omgong, bryt Britt Tove Vedeld på 30 meter og kjem seg til innlegg frå høgrekanten. Legget treff Siri framfor mål, men avslutninga blir for laus og ballen trillar inn til keeper.
Etter dette kjem det nokre ufarlege Spjelkavik skot, før kampen sluttar med eit skot frå Lise.
Dermed ebbar kampen ut til ein fortent siger 2-1 for HaNo.

Neste kamp for HaNo er 1. Mai i Sykkylven.

HaNo (4-4-2):
Kristin Aksnes – Nina Rogne – Elisabeth Longva – Vibeke Flem – Anna Longva – Seline Hoedemakers – Britt Tove Vedeld – Lise Tomren – Emily Smith – Anna Marøy Austnes – Sunniva Tomren

Nytta innbytarar: Ane Forr Austnes, Maria Ulla, Elisabeth Brox, Siri Klokk Austnes

19/4-09
Av: Vegard Halkjelsvik

21/04-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: