HaNo starta sesongen med tap mot Sykkylven.
Sjølv om HaNo var det førande laget gjennom så godt som heile kampen, vart det tap mot eit svært så effektivt Sykkylven lag . Der HaNo brente sine sjansar, var det stikk motsatt i andre enden av bana, der Sykkylven scora 3 mål på 4 sjansar.
Av: Jan Egil Ulla

Sjølv om HaNo var det førande laget gjennom så godt som heile kampen, vart det tap mot eit svært så effektivt Sykkylven lag . Der HaNo brente sine sjansar, var det stikk motsatt i andre enden av bana, der Sykkylven scora 3 mål på 4 sjansar.

Alt etter 1 minutt kunna HaNo gått opp i leiinga, då ein corner frå Sunniva fann ei umarkert Vibeke på bakre stong, men dessverre gjekk avslutninga over mål. Resten av omgangen fortsatte med eit spelemessig overtak for HaNo jentene, men Sykkylven var stadig farlege på overgonger, og etter 10 minutter fekk dei det første målet. Eit gjennomspel til spissen gjorde at ho kom aleine med keeper Maria Ulla. Maria var på ballen men greidde dessverre ikkje å hindre ballen å gå i mål. Det skal seiast at situasjonen meir enn lukta av offside, men dommer Liset valgte å ikkje blåse. Etter 20 minutt kom mål nr to for vertane. Eit innlegg frå høgrekanten vart enkelt ekspedert i mål på bakre stolpe.

Etter dette la HaNo om til 4-3-3, og fekk då eit endå større spelemessig overtak. Eit flott HaNo angrep med fine kombinasjonar enda hos Sunniva, men avslutninga frå 18 meter vart redda av Sykkylven sin keeper. HaNo fortsatte å skape sjanser, og spesielt farleg var det kvar gong dei hadde corner. Sybell var nær ved å redusere på ein slik etter om lag 40 min, men nok ein gong redda keeper. I staden var det Sykkylven som skulle få cornermål rett før pause, då HaNo jentene nok var litt for snille i duelleringa inne i feltet, og dermed stod det 3-0 til pause.

2.Omgangen fortsatte slik som den første, med stort spelemessig overtak for HaNo, men å få ballen i mål skulle vise seg å vere umogleg. Dei største sjansane var nok ein trippelsjanse etter corner, der skudd etter skudd traff Sykkylven spelarar inne i 5-meteren, i tillegg kom Elisabeth Longva åleine med keeper etter ein fin soloprestasjon, men nok ein gong trekte keeperen det lengste strået. HaNo keeper Kristin Aksnes var knapt nok borti ballen på heile omgangen.
Det er sjølvsagt surt å tape ein slik kamp, men om ein ser vekk i frå resultatet er det mykje positivt å hente. At ein er såpass mykje bedre spelemessig, tyder på at nivået er der, det gjeld berre å få omsett dette til mål. Noko som heilt sikkert vil komme etterkvart. Pluss i dag til Sunniva og Britt for god jobbing på sentral midtbane, og Elisabeth Longva, som skapte mykje farlegheiter etter at ho vart flytta fram på kanten. Ellers så er det kjekt å sjå at ungjentene som får sjansen, har starta å venne seg til nivået, og at dei tør å gjere ting med ballen når dei har den.

Spelerpoeng:
3 poeng Sunniva
2 poeng Britt Tove
1 poeng Elisabeth L


01/05-09
Av: Kenneth Hansen







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: