HaNo med ny uavgjort
HaNo-spelarane var skuffa etter kampslutt. Det forstår vi. Etter ein andre omgong der laget verkeleg fekk til god kontringsfotball med raske overgangar og mange svært klare målsjansar, burde laget ha sikra sigeren.
4. divisjon:
HaNo med ny uavgjort
HaNo – Bergsøy: 2 - 2 (1– 1)
Nordøy gras
62 tilskuarar

Mål:
1 - 0 Stig Frode Longva ( 10 min)
1 – 1 Bjørnar Gundersen ( 15 min)
2 – 1 Alf Kåre Longva ( 68 min)
2 – 2 Rune Frantsen ( 88 min)

Dommar : Steinar Hjelle, Sunnylven
Kort : Ingen

Dagens HaNo-spelar: Stian Andrè Haram

Dei elleve utvalde:
Sondre Steen, Preben Lorgen, Audun Steen, Kenneth Ulla, Vebjørn Steen, Vegard Halkjelsvik, Lars Petter Haram, Alf Kåre Longva, Asgeir Nogva, Stig Frode Longva og Stian Andrè Haram Lars

Desse gjorde innhopp på kort varsel:
Aleksander Eide, Stig Erik Nogva og Jonas Longva

HaNo-spelarane var skuffa etter kampslutt. Det forstår vi. Etter ein andre omgong der laget verkeleg fekk til god kontringsfotball med raske overgangar og mange svært klare målsjansar, burde laget ha sikra sigeren. I staden fekk gjestane eit lettvint mål i sluttsekunda og tok med eit poeng, eit poeng dei skal vere svært nøgde med.

Sist kamp mot Vigra var det HaNo som skaffa seg eit poeng på overtid. Slikt jamnar seg gjerne ut gjennom ein lang sesong.

Lagkaptein Lars Petter Haram synest likevel mykje var positivt. ”Vi gjennomførte ein bra kamp. Særleg er eg fornøgd med tempoet i overgangane i andre omgong. Då gjekk ballen hurtig framover og vi skapte store og klare målsjansar.”

Før kampstart såg det ikkje så lovande ut. Dei to målvaktene til HaNo er ute, ein med skade, den andre på sjøen. Dermed måtte ein utespelar på plass mellom stengene. Midtstoppar Mikal Austnes stod over på grunn av tre gule kort. Likevel greidde HaNo seg bra i ein jamn første omgong. Laget tok leiinga då Stian Andrè Haram spelte Stig Frode Longva fint gjennom. Like etter fekk gjestane hjørnespark. Totalsløv markering gjorde at Bjørnar Gundersen heilt upressa nikka utlikninga enkelt i mål.

Nykommar Aleksander Eide (ex Lepsøy) kom inn etter tjue minutt og brukte tida fram til pause til å bli van med farta og tempoet i fjerdedivisjon. I andre omgong drog han opp det eine gode angrepet etter det andre med god fart, overblikk og fysikk. Kenneth Ulla burde ha nikka HaNo i leiinga på to svært gode tilbod etter innlegg og hjørnespark. I staden var det Alf Kåre Longva som møtte eit presist hjørnespark frå Stian Andrè Haram og nikka ballen i mål frå fremste stolpe. No hadde både Stian Andrè Haram, Aleksander Eide og Asgeir Nogva klare sjansar til å punktere kampen, men dei lykkast ikkje med å setje ballen i mål. I staden var gjestane heldige då eit innlegg frå venstre hamna i mål etter ein tørrblings frå gjestemålvakt Sondre Steen som elles gjorde jobben sin greitt.

Debuten til Aleksander Eide lovar godt for HaNo. Ein angripar med fart og styrke skaper tryggleik i laget. Unge Preben Lorgen spelte godt i forsvaret. L.P. og Alf Kåre kjempa sentralt på midtbana og Asgeir og Stian Andrè skapte sjansar med gode innlegg frå sidene.
Og dersom det finst arbeidsledige målvakter i området, er det berre å ta kontakt med HaNo, seier Lars Petter Haram.
Steinar Hjelle, Sunnylven, dømde kampen greitt.



Gunnar Standal

27/06-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: