Heimekamp: HaNo-Giske onsdag kl 1830
|
HaNo sitt herrelag tek i mot Giske på Nordøy stadion onsdag kl 1830. Møt fram og støtt laget i 5. serierunde!
|
Frå det dramatiske oppgjeret mot Harøy i forrige serierunde (2-3 til HaNo) er det nokre endringar i mannskapet. Målvakt Lasse Buch har reist til sjøs, og kva passa då betre enn at Henrik Åkre har tatt motsatt veg: Han er no heimattkomen, og skal gå på skule frå hausten av.
Jan Egil Ulla blir vekke pga ferie i USA. I tillegg er Åge Flem Ulla vekke på skuletur. Dag Peter Olsen, Lars Åkre og Kenneth Ulla er derimot tilbake i troppa i forhold til sist.
Dommar i oppgjeret mot Giske er Svein Rasmus Vestnes, Aafk.
5. serierunde har starta: Godøy2/Vigra2- Ravn 1-6 på Godøya 2.pinsedag. Utanom HaNo-Giske, så spelar Harøy mot Lepsøy, og Ellingsøy gjestar Brattvåg2 onsdag kveld.
Tabell og terminliste elles finn du i menyen under herrelaget her på HaNo-sida.
|