Giske-kampen kan bli spelt
Det ser ut som om Giske-kampen er utsatt, ikkje avlyst. Giske sa i frå svært seint, og det gir to alternativ:
1: 3 poeng og 3-0 til HaNo.
2: Ny kampdato om HaNo ønskjer det. HaNo ønskjer i utgangspunktet det siste.


Med så få kampar det er i årets serie, så gjekk ei samla spelargruppe på treninga i kveld for det siste alternativet. Oppmann Frank har kontakt med Giske, og det kan bli aktuelt å spele den etter Ellingsøy-kampen, til dømes måndag 22.juni eller onsdag 24. juni. Komande fredag også aktuelt, men det var Giske usikker på om det gjekk.

Elles to kampar i HaNo si 5.divisjonsavdeling onsdag kveld:

Harøy-Lepsøy 7-1
Harøy vann heile 7-1 over Lepsøy i dag, med stillinga 4-1 ved pause. Ein skikkelig revansje for harøyingane etter forrige heimekamp. Rolf Borgan, som også skåra mot oss, stod for tre av måla. Lepsøy har kome ned på jorda att etter ei god opning av serien, med sine to tap på rad no.

Brattvåg2-Ellingsøy 2-3
Ellingsøy gjorde imponerande arbeid i Vågen med 2-3 siger. Eit effektivt bortelag, står det å lese i den stutte rapporten på brattvag-il.no. Andre rapportar seier at BIL2 hadde 7-8 store målsjansar ein ikkje skåra på.

03/06-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: