Tap for småjentene
Tysdag 02.06 spelte småjentene kamp mot Godøy, heime på Austnes. Stillinga endte 3-9 og tremålsscorar for HaNo var Cecilie Kalvøy.
Etter eit tap, ein uavgjort og ein seier var småjentene klare til kamp mot Godøy. På ei kald og våt austnes bane starta dei med friskt mot. Godøy tok fort leiinga 0-3 og HaNo mista litt sjølvtilliten.

Omtrent fem minutt før pause satte Cecilie Kalvøy inn eit mål for HaNo. Stillinga var då 1-3 og jentene fekk opp sjølvtilliten att. Dermed berre nokre minutt seinare scora Cecilie sitt andre for HaNo, og dei gjekk til pause med stillinga 2-3.

I andre omgong vart Godøy for sterke og etter nokre flotte angrep og gode skot var stillinga 2-9. Cecilie Kalvøy sette inn sitt 3. mål for dagen berre nokre minutt før kampen var slutt. Stillinga endte dermed 3-9.


07/06-09
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J14:
Endå eit surt tap for J14!
Surt tap mot Skodje
Tap mot Valder
J14 - HaNo - Stordal 1-3
J14 HaNo - VRF


Hovudsponsorer: