HaNo sjanselause
HaNo kunne tatt leiinga, og dei yppa seg mot slutten av 1. omgang med stor sjanse pÄ 2-1 til Herd. Men utanom det gjorde Herd som dei ville: Spelte ball, rulla opp og skÄra ikkje mindre enn sju mÄl bak Stian Longva fÞr dei gav seg.
HaNo sjanselause

4.div , Herdtun:

Herd-HaNo 7-2 (2-1)
MÄl HaNo: Aleksander Eide og Stig Frode Longva
Dommar: Tor Ove Myrseth, FK Sykkylven

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Michael Austnes
2 poeng: Preben Lorgen
1 poeng: Aleksander Eide

HaNo kunne tatt leiinga, og dei yppa seg mot slutten av 1. omgang med stor sjanse pÄ 2-1 til Herd. Men utanom det gjorde Herd som dei ville: Spelte ball, rulla opp og skÄra ikkje mindre enn sju mÄl bak Stian Longva fÞr dei gav seg.

Av Odd Einar Molnes

Longva var mannen med hanskar denne gongen etter at HaNo sine opphavlege mÄlvakter ikkje har vore tilgjengeleg den siste tida. Stian Longva plukka rett nok sju ballar ut av nota, men kan ikkje lastast for stortapet. Herd starta kampen med eit voldsomt ballovertak, men produserte ikkje spesielt farlege sjansar. Det var faktisk HaNo som fekk det fÞrste store tilbodet, men Äleine med mÄlvakta skaut Stig Frode Longva utanfor.

God periode
Herd tok over igjen, og gjorde bÄde 1 og 2-0 pÄ gode avslutningar. I forkant av begge var avklaringane ikkje av god nok kvalitet. Trenartrioen Hansen/Haram/Longva gjorde nokre rokkeringar midt i omgangen som tok HaNo meir med i kampen igjen. Midtbana hang betre i hop, og hÞgrekant Stian Andre Haram snappa flott opp ei pasning etter 36 minutt. Han avanserte framover og spelte fri Aleksander Eide som skÄra si fÞrste serieskÄring for HaNo. Stian Andre kunne gjort 2-2 fÞr pause, men avslutninga gjekk over.

Ball-i-hatt
I den andre omgangen fekk ikkje HaNo lÄne ballen mykje. Herd vendte spelet, rulla opp det eine angrepet etter det andre. HaNo sprang for det aller meste mellom, og i duellane framfor mÄl var Herd ogsÄ best. Etter 70 minutt har Herd gjort 4-1, fÞr Stig Frode Longva reduserer til 4-2 etter godt forarbeid av spissmakker Eide.

Stranda neste
12 siste minutta gjorde Herd tre mÄl som gav eit ganske stygt, men fortent sluttresultat sett med HaNo-auge. Det femte og sjette pÄ corner og frispark, der duell-og markeringsstyrke ikkje var god nok. 7-2 blei sett inn pÄ straffespark. Fredag kveld ventar Stranda heime, og dÄ mÄ ein forvente i eit meir tent HaNo-mannskap.

HaNo (4-4-2)
Stian Longva-Preben Lorgen, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Audun Steen- Stian Andre Haram, Lars Petter Haram, Stig Erik Nogva, VebjĂžrn Steen- Stig Frode Longva, Aleksander Eide.
Nytta innbyttarar: Odd Einar Molnes, Jonas Longva, Vegard Halkjelsvik.



27/06-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane EllingsĂžy
HaNo-EllingsĂžy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjĂžlv om det blei tap


Hovudsponsorer: