Gjennombrot for Nordøyhallen
|
Eit samrøystes Haram kommunestyre gjekk torsdag kveld inn for å støtte Nordøyhall-prosjektet med ein tredel av prosjektet. Dermed er den viktigaste faktoren i finansieringa i boks, og Hall-nemnda kan no arbeide vidare med eit svært positivt utgangspunkt. - Dette er eit løft for øyane, seier Per Olav Vedeld i Hall-nemnda, og ser det som sannsynleg at spaden kan settast i jorda i 2009.
|
|