Brattvåg mest effektive

Brattvåg sette sine sjansar medan HaNo ikkje klarte å omsette sine. Dermed enda det med klar bortesiger i ein realtivt sjansefattig kamp


3. div kvinner
HaNo – Brattvåg 0-3 (0-2)
Nordøy stadion
Ca 60 tilskodarar
Dommar: Norvald Lausund, Lepsøy
0-1 Rita Nogva Austnes (15)
0-2 Kristine Roald (34)
0-3 Vibeke Krogsæter (47)

Heller ikkje i årets sjette kamp, skulle det lukkast for HaNo – damene å ta årets første seriepoeng. Men spelemessig og sjansemessig var heimelaget på høgde med Brattvåg, som tok sin tredje siger for året.

Brattvåg tok leiinga på sin første sjanse i kampen. Rita Nogva Austnes kom seg laus frå markeringa, og heada eit hjørnespark i nota. HaNo sin beste sjanse i omgangen kom etter at keeper Tonje Leine måtte gi retur på eit frispark frå Sunniva Tomren, men Leine fekk snappa ballen før Vibeke Flem fekk sette den i mål.
Brattvåg auka leiinga på ein god prestasjon frå Kristine Roald. Ho drog seg fint fri i feltet, og sette ballen i nett-taket.

Tett og jamt
Allereie to minutt etter pause punkterte Vibeke Krogsæter kampen. Ho utnytta at HaNo – forsvaret var litt uoppmerksomme. Åleine med HaNo – keeper Kristin Aksnes gjorde ho ingen feil, og dermed 0-3. HaNo kom sterkare og sterkare utover kampen, og fekk etter kvart sjansar. Eit nytt Sunniva – frispark vart fint redda av Marianne Otterlei. Otterlei redda også fint då Britt Tove Vedeld kom seg fri og skaut hardt i næraste hjørnet.

Botnoppgjer torsdag
HaNo har opplevd si tyngste serieopning på svært mange sesongar. Men fredag var det fleire positive ting å ta med seg. Innsatsen var god gjennom 90 minutt. Det er framleis ei utfordring å skape nok målsjansar, men særleg siste kvarteret viste at det også er offensive kvalitetar i laget. Britt Tove Vedeld vart Dagens HaNo-spelar. Lise Tomren Fjørtoft la ned eit solid arbeid på midten. Pluss også til Ane Forr Austnes og Silje Vindnes Haram.
No gjeld det å mobilisere alt til siste vårkampen som går mot botnlaget Åram på Nordøy torsdag. Med rett innstilling, så kjem poenga då!

19/06-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: