Spelemessig jamt, enda i stortap
Det vart ein merkeleg fotballkamp då damelaget tapte 1-5 heime mot Sykkylven søndag. Spelemessig var HaNo det førande laget, men Sykkylven var utruleg effektive. Meir kjem
HaNo starta haustsesongen med ei svært redusert tropp. 5 spelarar var uaktuelle pga. av skade, sjukdom og jobb. Trenarteamet hadde difor berre 13 spelarar å velje i denne gongen.

Fleire spelarar fekk difor sjanse til å prøve seg i nye posisjonar.

Fyrste omgang var relativt jamn spelemessig, men Sykkylven var utruleg effektive. Begge laga spelte seg til sjansar, men det var kun Sykkylven som fekk ballen over streken. Og det klarte dei til gangs. Fire gongar måtte HaNo-keeper Kristin Aksnes hente ballen ut av nota.

Det var likevel eit offensivt HaNo-lag som gjekk ut til andre omgang. Målet var å vinne denne. Og HaNo starta presset frå fyrste spark på ballen. HaNo overspelte Sykkylven i store periodar og skapte sjanse på sjanse.
Men ballen ville ikkje inn.

I det 80. minuttet hadde Sykkylven sitt einaste skot på mål i andreomgang og det resulterte i 0-5.

HaNo jobba på vidare og i det 88.minutt fekk HaNo-damene endeleg ballen over streken. Ein presis corner frå Sunniva sette Lise kontant i mål med hovudet.

Etter dette ebba kampen ut med ein 1-5 siger til Sykkylven.

Sjølv om det var eit klart tap, var det ganske mykje å glede seg over spelemessig. Spelarane tok utfordringane i nye posisjonar på ein flott måte. God innsats og positive tilbakemeldingar til kvarandre, tidvis gode kombinasjonar og vilje til å vinne duellar lovar godt framover.

God dommar var Odd Grande, Skodje IL.

HaNo stilte slik:
Kristin Nyhus Aksnes, Anna Longva, Ane Forr Austnes, Sunniva Tomren, Emily Smith, Lise Tomren Fjørtoft, Trude Haram, Britt Tove Vedeld Molnes, Seline Hoedemakers, Siri Klokk Austnes og Anna Marøy Austnes.
Nytta innbytarar: Elisabeth Ylving og Nina Kjellstad Rogne.

Juryen sin dom: Dagens HaNo-spelar Ane Forr Austnes.

Stjernebørsen:
*** Lise Tomren Fjørtoft
** Trude Haram
* Britt Tove Vedeld
Det var mange fleire som hadde fortent stjerne i denne kampen. Det viser forslaga frå trenarteamet.




16/08-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: