Besøk frå Vietnam
HaNo FK er mellom mange andre klubbar og foreiningar som denne veka bidreg til at eit utviklingshemma fotballag frå Vietnam skal få ei uforgløymeleg veke i Haram i forkant av Landsturneringa i Ålesund til helga.
Haram kommune er vertskapskommune for desse i perioden måndag 31.august–fredag 4.september, før dei skal vere med på ei fotballturnering for utviklingshemma i Ålesund no komande helg. STX Europe har verft i Vietnam, og er med på opplegget. Norges fotballforbund er også sentral. Elles er Haram kommune organisator, og dei skal bu på klubbhuset til Brattvåg IL. Frivillighetssentralen er sentral i gjennomføringa for Haram sin del.

Haram formannskap og STX Europe har kvar løyvd kr 35.000 til heile prosjektet, men det er i hovudsak ein felles dugnad av lag og organisasjonar frå Haram som skal gjere jobben denne veka dei er her. Dei er til saman 10 spelarar (mellom 15-21 år) med ulik funksjonshemming. Med dei følgjer ein delegasjon på 4 leiarar frå Vietnam.

Gjennom veka skal dei mellom anna til Søviknes verft (STX, båt, partnerskapselevar, Br.ungd.skule) og Gjersetdalen (friluftsliv IL Norborg) treningskamp fotball i lag med Aafk. Onsdag kveld: Kulturkveld musikk m.m..

Torsdag kjem dei altså hit ut, og ved Haramsøy ungdomsskule blir det felleslunsj med ungdomsskulen, og 10.klasse skal ha ei kulturell utveklingssamling med dei. Vidare går turen til Ulla fyr og Gunnabuda. Kl 17 skal spelarar frå HaNo ha ei fotballøkt med teknikk, leik og moro i lag med dei på Nordøy stadion.

Sjå innslag på NRK Møre og Romsdal, mot slutten av sendinga.

02/09-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: