HaNo greidde uavgjort
Det vart ein noko underleg kamp då HaNo-damene møtte Herd laurdag under HaNo-dagane.
Herd skåra fem mål, HaNo eitt. Likevel enda kampen uavgjort. Rart med fotball. Det er ikkje alltid det laget som skårar mest, som vinn poeng. Det gjeld å sette ballen i rett mål. Det greidde HaNo, ikkje gjestane.
3. divisjon damer:
HaNo greidde uavgjort
HaNo – Herd: 3 - 3 (2– 1)
Nordøy gras

Mål: 0 – 1 Mari Hoff Johansen ( 25 min)
1 – 1 Sjølvmål ( 26 min)
2 – 1 Britt Tove Vedeld Molnes ( 35 min)
2 – 2 Andrea Skaugseth ( 60 min)
2 – 3 Andrea Skaugseth ( 70 min)
3 – 3 Sjølvmål ( 87 min)

Dommar : Odd Grande, Skodje

Laget:
Maria Ulla, Silje Haram, Sybell Rogne, Sunniva Tomren, Emily Smith, Ane Forr Austnes, Lise Fjørtoft Tomren, Britt Tove Vedeled Molnes, Anna Longva, Trude Haram og Judith Vestavik.
Innhopp: Siri Klokk Austnes, Anna Marøy Austnes og Elisabeth Ylving

Dagens HaNo: Britt Tove Vedeld Molnes

Tekst og foto: Gunnar Standal


Kampen vart aldri sjanserik. Likevel vart det seks mål. Det gjekk nesten ein halv time før første sjansen kom. Gjestane fekk til eit flott angrep på høgrekanten og Mari Hoff Molnes løfta ballen fint og gode Maria Ulla i HaNo-målet. HaNo svarte kontant. Gjestemålvakt Ida Ona redda eit hardt skot frå Britt Tove Vedeld Molnes. Det følgjande hjørnesparket sette ein gjestespelar kontant i eige mål. HaNo tok leiinga på dagens prestasjon. Britt Tove Vedeld Molnes vann ballen på midtbana tretti meter frå mål. Ho såg at målvakt Ona stod ute i feltet og sende i veg ein kontrollert lobb rett i nota. Eit effektivt HaNo-lag leia ved halvtid.

Etter pause tok gjestane over. Dei var sterkare enn det unge HaNo-laget og vann dei fleste duellane. To gonger fekk gode Andrea Skaugseth springe i bakrommet bak eit flatt heimeforsvar som stod høgt utan at laget greidde å presse ballførar. Dermed to mål og ny gjesteleiing. Men eit nytt sjølvmål øydela for Herd. Sunniva Tomren slo eit frispark presist framfor mål der ballen vart stussa vidare i nota. Berre flott redning av målvakt Maria Ulla hindra Andrea Skaugseth og gjestane i å ta alle poenga på overtid.

Hos HaNo tok veteranane Britt Tove Vedeld Molnes, Lise Tomren Fjørtoft og Sunniva Tomren ansvar og leverte varene i forsvar og på midtbane. Unge Maria Ulla stod ein svært god kamp i mål. Emily Smith spelte ein solid kamp på høgrekant i forsvar. Siri Klokk Austnes og Anna Marøy Austnes gjorde frisk innhopp.

Entusiast og dommar Odd Grande, Skodje, leia ein kortfri kamp greitt.

Gunnar Standal

07/09-09
Av: Kenneth Ulla






Innmarsj og klart for kamp


Klart for HaNo - Herd


I godt ver vart det etter kvart bra med publikum





Odd Grande instruerer kapteinane


Britt Tove Vedeld Molnes skjermar ballen


Anna Longva i duell


Solskinn og fotball under HaNo-dagane 09


Britt Tove vart litt for sein her


Anna viser fram innleggsfoten


Situasjon framfor Herd - målet


Solskin, fotball og smågodt under HaNo - dagane 09:)


Siri Klokk Austnes i farta


Britt Tove med ballen på høgrekanten


Solskin, fotball, sukkerspinn og mørpølse under HaNo-dagane 09


Herd på farleg visitt i HaNo - feltet


Maria Ulla leverte ein solid kamp i HaNo - målet


Tøffe duellar. Her er det Anna som taklar


Mål til Herd



5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: