Giske-HaNo pÄ fredag
Herrelaget har tre seriekampar att av sesongen. Fredag reiser laget til Giske, og med siger her kan HaNo sikre plassen om kvalifisering til 4. divisjon. Kvalifisering seier du? Les meir om opplegget i denne saka.
For det er nemlig slik at det ikkje gÄr an Ä rykke direkte opp til 4. divisjon i Är. Divisjonssystemet er lagt om pÄ SunnmÞre. 6. divisjon er utkutta, og det er tre avdelingar i 5. divisjon. Vegen for Ä rykke opp er no slik at dei to beste laga frÄ kvar avdeing i 5. divisjon spelar i ein kvalifiseringsserie med 6 lag, der det blir spelt enkel serie med 5 kampar pÄ kvar. Dei tre beste laga i denne serien rykkjer opp til 4. divisjon.

HaNo spelar i avdeling 3, og ligg for augneblinken pÄ 2. plass, 2 poeng bak EllingsÞy. LepsÞy, Ravn og HarÞy ligg pÄ plassane bak. Heile tabellen finn du om du klikkar pÄ herrelaget, og deretter Tabell & Terminliste i menyen til venstre her pÄ HaNo-sida.

Vinn HaNo fredag, sÄ er ein sikra plass i kvalifiseringa. Men Giske har vist seg frÄ ei langt friskare side i haust enn i vÄr. 2-2 mot BrattvÄg 2 heime, og ikkje minst 3-3 pÄ Vatne for to veker sidan tyder pÄ at dei er eit heilt anna lag. SÄ her mÄ det mobiliserast frÄ alle mann! Dersom du vil vere med som tilskodar, er det muligens plassar ledig pÄ bÄten. Kontakt i sÄ fall oppmann Frank Rogne. Avreise frÄ Austnes fredag kl 1600.

15/09-09
Av: Odd Einar Molnes






Lars Åkre er tilbake frĂ„ 4 veker pĂ„ sjĂžen, og Cato Longva tek som vanleg plass pĂ„ sentral midtbane.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane EllingsĂžy
HaNo-EllingsĂžy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjĂžlv om det blei tap


Hovudsponsorer: