Heimekamp for damelaget
Laurdag kl 14.45 tek HaNo imot Sunnylven på Nordøy stadion. Sunnylven har vist god form i det siste, og vann 3-4 borte mot Herd i siste runde. Men på heimebane har HaNo vist bra takter, og er innstilt på å jakte poeng på laurdag.


Dette er altså nest siste heimekampen for året, og då er det kanskje på tide å satse på 3 nye poeng?
I vårkampen på Hellsylt vann heimelaget 7-1, etter heile 6 skåringar av Kirsti Frøysadal Hauge.
Men på heimebane har HaNo vist betre takter, sjølv om det har vore \"grese\" med poeng. Sist enda det med poengdeling mot Herd.

Til kampen på laurdag manglar Sunniva Tomren og Emily Smith. Men ellers er det fullt lag.

yr.no lovar strålande ver, og rykta vil ha det til at det vert underhaldning i pausa av eit rekordstort kor. Skal vi sette 70 tilskodarar som eit minimum? Ta med slekta og kom på kamp!

18/09-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: