Grastrotandelen - ei oppdatering
Så langt i år, har omlag 12000 kroner sildra inn i HaNo - kassa frå Norsk Tipping sin grasrotandel. Dette takka vere dei som har registrert sitt tippekort slik at delar av det du tippar for, går rett til HaNo utan at det kostar deg noko!
Pr dato er det 58 stykker som har registrert HaNo som sin grasrotklubb.
Frå 1. januar til 31.mai ga dette 6 176 kroner inn
Frå 01. juni til 31.08 ga det 4 945 kroner i HaNo - kassa, medan det så langt i september har kome inn 1 076 kroner.

Talet på HaNo - tipparar har auka jamt og trutt, og det er aldri for seint å registrere seg!

Vi har likevel eit stykke opp til Norborg, som så langt i år har håva inn omlag 45 000 kroner frå sine 230 tipparar.

18/09-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: