Vaskedugnad ved STX, Søviknes
Vi har blitt forespurt frå Søvik skulekorps om vi vil samarbeide med dei om å vaske ein båt som ligg i Søvika (den store raude båten).
Dette vil vi gjerne vere med på, og er avhengige av god dugnadsånd i HaNo for å klare det!

Litt informasjon om dugnaden:

Den går over to veker:

10.oktober 2009 – 16.oktober 2009
07.desember 2009 – 11./12./13.desember 2009 (litt usikre på sluttdato)

I helgane skal det vaskast frå kl 0900 – 1530. På kvardagane skal det vaskast frå 1700 – 2200.

Aldersgrense for å kunne vere med på dugnaden er 16 år, grunna sikkerheitsmessige omsyn frå verftet si side, og grunna kvalitet på reingjeringa.
Verftet stiller med alt verne- og vaskeutstyr.
Verftet har heile tida 1-2 personar som kontrollerer og godkjenner arbeidet.


Denne dugnaden vil gi ein betydeleg sum pengar i HaNo-kassa, så det er ein viktig dugnad.

Vi har sagt at vi vil stille med 15 av 40 vaskarar kvar dag desse to vekene. Søvik skulekorps stiller då med 25. Klarer vi 20, vil vi sjølvsagt stille med det 

Seniorspelarar, dei eldste yngresspelarane og foreldre må rekne å stille på i alle fall ei økt kvar for at vi skal få til dette.

Det hadde vore svært om de kunne melde dykkar interesse til Sevrin Longva, slik at de fekk skrive dykk på arbeidsliste. De kan då få velje dag sjølve.

Sevrin Longva, mob 91 17 49 41


Mvh
Styret i HaNo FK

28/09-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: