Artig oppsett .....
Oppsettet for kvalifiseringa til 5. divisjon er klart. Og det er vel i beste fall noko oppsiktsvekkande. SFK skriv at oppsettet er satt opp etter retningslinjer som tidlegare annonsert. Det betyr at dei meiner at HaNo skal spele minst 1 av heimekampane sine på grus...


Sjå oppsettet her

HaNo har fått sine to bortekampar mot GuLars og Tjørvåg. Dei to desidert lengste reisene som går an å få mellom laga som skal spele kvalik. Skodje har derimot fått to heimekampar mot Tjørvåg og Gulars...
Vidare har HaNo fått heimekamp onsdag 21. okt. I retningslinjene står det at lag som skal ha heimekamp denne datoen, må disponere bane med lys. Det betyr at SFK meiner at heimekampen mot Skodje skal gå på grusen.

Det står også i retningslinjene at ingen kampar skal kunne gå etter 31. oktober. Likevel har SFK delt runde 5 i to. Skodje - Tjørvåg går 31. okt, medan MSIL-GuLars og HaNo - ellingsøy går 1. november. Kvifor dette, vert det ikkje sagt noko om.

Dei to andre avdelingsvinnarane MSIL og GULars spelar heime-borte-heime-borte-heime. HaNo skal spele heime-borte-borte-heime-heime. Litt uvisst kvifor oppsettet er slik.
Det er vel ikkje tvil om at opplegget for oppsett burde ha vore klart før sesongen starta, men la gå!

No er det i allefall 5 svært viktige kampar som skal spelast for HaNo sin del. Alle lag kan slåast, og det er opp til spelarane og støtteapparatet å sørge for HaNo - jubel etter siste kampen mot Ellingsøy

05/10-09
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: