Stranda for sterke for HaNo
Tabelltopp mot nedre halvdel møttest til dyst måndag kveld. Og publikum fekk sjå kvifor tabellposisjonen er som den er. I periodar var kampen jamn, men gjestane var nådelause når sjansane dukka opp. HaNo sleit med å utnytte sine tilbod, og dermed vart det mange baklengs.
4. divisjon:

Stranda for sterke for HaNo

HaNo – Stranda: 1 - 5 (1– 2)
Nordøy gras
38 tilskuarar

Mål:
0 – 1 Tomas Roset ( 16 min)
0 – 2 Martin Espelund ( 30 min)
1 – 2 Alf Kåre Longva ( 37 min)
1 – 3 Christian Malmo ( 60 min)
1 – 4 Ronnie Furset ( 71 min)
1 – 5 Gunnar Espelund ( 82 min)


Dommar : Jim Dyb, Ellingsøy
Kort : Stig Erik Nogva, HaNo

Dagens HaNo-spelar: Michael Austnes

Dei elleve utvalde:
Henrik Åkre, Jonas Longva, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vebjørn Steen, Vegard Halkjelsvik, Lars Petter Haram, Alf Kåre Longva, Asgeir Nogva, Cato Longva og Alexander Eide

Desse gjorde innhopp på kort varsel:
Stig Erik Nogva, Odd Einar Molnes, Preben Lorgen og Richard Hansen

Tabelltopp mot nedre halvdel møttest til dyst måndag kveld. Og publikum fekk sjå kvifor tabellposisjonen er som den er. I periodar var kampen jamn, men gjestane var nådelause når sjansane dukka opp. HaNo sleit med å utnytte sine tilbod, og dermed vart det mange baklengs.

Men la det vere sagt med ein gong. Stranda var det klart beste laget og vann fullt fortent etter til dels flott spel. Men HaNo hadde sjansen til å kome inn i kampen på stillinga 1 – 2 like før pause. Alf Kåre Longva hadde nettopp redusert då han sette eit direkte frispark lurt i mål. Og like etter får Alexander Eide sjansen til å utlikne åleine gjennom, men gjestemålvakt Tomas Hove redda med foten. Før det hadde Stranda tatt leiinga då Henrik Åkre var uheldig på eit innlegg frå Tomas Roset. Leiinga auka då Martin Espelund snappa ei pasning på midtbana og skaut fint i mål.

Første kvarteret i andre omgong var HaNo det førande laget. Både Kenneth Ulla og Alexander Eide hadde gode forsøk med hovudet, men ballen ville ikkje i mål. I staden punkterte gjestane og Christian Malmo kampen då han knalla ballen i vinkelen frå tretti meter. Ronnie Furset fekk upressa nikke inn nummer fire før Gunnar Espelund breisida inn nummer fem etter vakkert spel. Cato Longva fekk sjansen til å pynte på resultatet like før slutt men åleine mot Hove sette han ballen over.

Sjølv om det blei tap, viste HaNo i periodar godt spel. Laget kjem til sjansar, men slit med å sette ballen i mål. Det må laget gjere i botnoppgjeret borte mot Vartdal komande torsdag. Med tap blir hausten ein kamp om å unngå nedrykk. Hos HaNo spelte Michael Austnes og Kenneth Ulla solid i midtforsvaret trass fem baklengs. Framme skapte Aleksander Eide og Cato Longva sjansar, men får trekk for manglande utteljing.
Jim Dyb dømde godt.


Gunnar Standal

01/07-08
Av: Kenneth Hansen

























5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: