Seier til småjentene!
J14 spelte i dag sin siste kamp for i år, og spelte ein utruleg god kamp. Valder hadde leiinga til pause, men HaNo-jentene gjekk hardt inn i 2. omgang og kampen endte 4-3 til HaNo.
Under den siste kampen for småjentelaget var dei klare for å gi alt. Regnet hølja ned og det var vått og kaldt, men det stoppa sjølvsagt ikkje HaNo! Sist kamp mot Valder vart det 7-2 tap på Valdervoll. HaNo-jentene var no klare for revansj og spelte ein særdeles god kamp. Hanna Sylte stod som ein vegg i mål, medan alle dei andre jobba godt både framover og bakover på bana.

Valder gjekk først opp i leiinga 2-0. Men jentene var optimistiske og jobba godt vidare. Etter ei lita stund hadde HaNo tatt igjen Valder, og stillinga var no 2-2. Valder fekk sett inn eit mål like før pause, så vi gjekk til pause med stillinga 3-2.

Jentene var fast bestemt på at dette skulle vi vinne, og gjekk ut i andre omgong fulle av pågangsvilje. Dei jobba hardt og trutt og greidde etterkvart og score først eit mål, og deretter eitt til! Stillinga var no 4-3 til HaNo, og slik enda kampen. Valder hadde fleire gode angrep, men dei greidde ikkje å få sett ballen i nota.

Målscorarar for HaNo: Cecilie Olsen (2), Cecilie Kalvøy og Kamilla Standal.

Småjentelaget avsluttar sesongen med ein velfortent kinotur. :)

16/10-09
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J14:
Endå eit surt tap for J14!
Surt tap mot Skodje
Tap mot Valder
J14 - HaNo - Stordal 1-3
J14 HaNo - VRF


Hovudsponsorer: