24 lag påmeldt 5. divisjon
HaNo sitt herrelag spelar også i år i 5. divisjon på Sunnmøre. 24 lag har meldt seg på divisjonen, og dermed er det knytt spenning til korleis ein gjer det med to eller tre avdelingar m.m. Det er også meldt på 7-arlag for HaNo herrer i år.
Etter mykje om og men enda det med tre avdelingar i fjor. Etter ein periode med både av- og påmeldingar etter fristen, samt at Hareid2 ikkje ville spele i \"si\" avdeling, så blei det 8 lag og 14 seriekampar att for HaNo sin del. 9 og 10 lag i dei to andre avdelingane.

Korleis ein løyser det i år står att og sjå. Sunnmøre fotballkrets har kanskje ikkje anna val enn å dele dei 24 laga inn i to avdelingar, og spele 22 seriekampar. Alternativet er tre avdelingar, med trippel serie, og 21 seriekampar. Kjem det fleire etternølarar, så kan det bli andre løysingar.

HaNo gjer \"comeback\" med eit andrelag i år. HaNo stiller lag i 7-arserien. Der er påmeldinga endå verre, med kun 8 lag i heile krinsen.
Menn 7-ar:
Brattvåg
Gursken
Haramsøy/Nordøy FK 7
Hjørungavåg
Langevåg IL
Norborg M07
Stranda
Aalesunds FK Old Boys

Her er laga på meldt i 5. divisjon
Aksla
Bergsøy 2
Brattvåg IL
Emblem
FK Sykkylven 2
Giske
Godøy 2/Vigra 2
Haddal
HaNo
Hareid 2
Harøy
Hasundgot
Hessa IL
Hovdebygda*
Kvamsøy
Lepsøy
MSIL
Ravn
Stordal
Stranda 2
Sunnylven
Sæbø
Tjørvåg
Åheim

26/01-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: