Avdelingsoppsettet klart i 5. div
Sunnmøre fotballkrets har delt inn 5. divisjon i tre puljer, der avdelingsvinnarane rykkjer opp. Puljene har ujamt antall lag, og i Nordre pulje er det kun 6 lag. HaNo er i pulje med Ravn, BIL2, Harøy, Lepsøy og Giske. Trippel serie, med 15 kampar.
Det har vore mykje spekulering i korleis dette oppsettet kom til å bli, men ingen såg vel kanskje denne løysinga kome. Reaksjonane har ikkje latt vente på seg, og i følgje Sunmøre sin mest leste nettstad for lokal fotball, stordal.nu, så er sinna i kok igjen rundt omkring på Sunnmøre.

Les heile avdelingsoppsettet her

HaNo var berre i kort sms-kontakt med trenar for Ravn og Harøy måndag kveld, og ein felles førstereaksjon frå trenarane av desse tre klubbane er at det nok ein gong vert for få kampar. Det er kjekt med lokaloppgjer, men det er då ikkje særleg spennande å møte opp att dei same fem laga tre gongar.

At 23 lag skal bli nøgd med SFK si avgjerd om korleis dei gjer det, er ikkje mogleg. Om ein hadde delt inn i 8-8-7 lag i puljene, hadde ein sikkert måtte ha takla at lag trua med å trekkje seg som i 2009 grunna reiseavstandar.

Men kvifor ikkje dele inn i to avdelingar, der vinnaren rykkjer opp, og nummer to i kvar avdeling spelar kvalik om den tredje opprykksplassen til 4. divisjon. 20 eller 22 seriekampar på kvar, og ein hadde hatt eit langt betre sportsleg tilbod. I tillegg eit meir rettvist oppsett også, sidan slik det er no rykkjer eitt av 6 lag opp i vår avdeling, medan også berre eitt lag i til dømes avdeling 1 (av 9 lag) rykkjer opp.

På fleire nettstader kan vi lese at vegen er open for eit HaNo-opprykk gjennom at vi er berre 6 lag i vår pulje. Då gløymer ein hardtsatsande Harøy, og Ravn som ikkje var langt bak i fjor. HaNo har ambisjonar om opprykk til 4. divisjon, og kunne slik sett vere nøgd med at vi konkurrerer mot berre 5 andre lag og ikkje 8. Men vi er mest av alt ute etter det beste sportslege kamptilbodet også i sesongen 2010. Det får vi ikkje gjennom å spele 15 seriekampar fordelt på fem motstandarar.

(Presiserer at dette innlegget og synspunkta er skrive av trenar for HaNo herrelag, Odd Einar Molnes.)

29/01-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: