Slo Ellingsøy i målkalas
Ellingsøy-HaNo 4-6. HaNo held fram som i fjor med å underhalde publikum.. 4 bakover, men heile 6 skåringar rette vegen var likevel ei god oppreisning for sist kamp mot Ellingsøy. Jan Egil Ulla 2, Cato Longva 2, Odd Einar Molnes og eit sjølvmål stod for HaNo sine mål. Ved pause var stillinga 2-1 til heimelaget. Ein positiv kamp av HaNo totalt sett. No med kampref
Ellingsøy hadde føringa ved halvtid, men HaNo kom sterkt tilbake og leverte ein offensivt god kamp. Heile laget har mest å jobbe med i det defensive arbeidet.

3.02.10, Nes stadion.
Kampfakta:
Ellingsøy-HaNo 4-6 (2-1)
Mål:
0-1 Cato Longva (15)
1-1 (20)
2-1 (35)
2-2 Odd Einar Molnes (49)
2-3 Cato Longva (57)
3-3 (64)
3-4 Sjølvmål (69)
3-5 Jan Egil Ulla (77)
4-5 (78)
4-6 Jan Egil Ulla (87)

Spissparet Jan Egil Ulla og Cato Longva var bevegelege på topp og skapte ein del for HaNo i opningsminutta. Kvarteret ut i kampen forserte Jan Egil langs høgresida, la inn til Cato som gjorde 0-1. Ellingsøy svara like etter med langskot. 2-1 fekk dei også i ein periode der HaNo omstilte seg for seint og var like oppteken av dommaravgjerdsler som eigen innsats.

Andre omgang starta friskt, og HaNo var flinke til å bryte opp spelet til heimelaget. Cato Longva la inn i feltet, heimelaget hadde kontroll, men HaNo vann ballen høgt oppe og Odd Einar Molnes utlikna med eit skot ved nærmaste stolpe. Cato tok attende leiinga med ei typisk spiss-skåring. Jan Egil skaut, medan Cato plasserte returen i mål.

Ellingsøy svarar igjen, denne gongen på corner, der Lars Petter Haram må ta seg av to gule spelarar. Igjen sein i omstillinga og HaNo heng ikkje med på defensiv dødball. Midt i omgangen går HaNo på nytt opp i leiinga. Molnes slår eit langt framlegg, Cato Longva går i duell med målvakta, som slår ballen i eige mål.

Minuttet etter kjem dagens flottaste: Jan Egil e rlei av berre å vere servitør, og forserer tre mann før han løftar ballen over keeper og i nota. Pent. Ellingsøy redusere like etter med eit flott angrep etter innlegg frå deira høgreside. Jan Egil punkterer likevel kampen, og fastset sluttresultatet til 4-6 med si flotte skåring frå venstresida, plassert forbi keeper.

HaNo skal også møte Emblem og MSIL på bortekounstgras med det første, i tillegg til å spele turnering i IP Huse-hallen neste helg. Dette kjem godt med i desse vinterforhold-tider. Kampen mot Ellingsøy viste eit vår-yrt HaNo-lag. Trenarduoen Molnes/Hansen fekk mange positive svar frå dei 15 på bana.


HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre- Kristian Furnes, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Demir Haram- Odd Einar Molnes, Åge Flem Ulla, Lars Petter Haram, Vegard Halkjelsvik – Jan Egil Ulla, Cato Longva

Nytta innbyttarar: Kristian Kalvøy, Aleksander Ulla, Eivind Fugledal, , Steven Haram.


03/02-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: