MSIL viser styrke
HaNo-MSIL 0-5. Spelemessig ikkje 5-målsskilnad kanskje, men siste delen framfor mål var MSIL mange hakk kvassare enn HaNo. HaNo tapte klart mot divisjonskollegaen, og har heilt klart å jobbe med før seriestart om knappe tre veker.
24.03.10, Uggedalen stadion.
Kampfakta:
MSIL-HaNo 5-0 (2-0)
Mål MSIL: Kristian Bunes, William Indrevåg (straffe), Stian Gunnar Hellevik X2 og Hans Erik Verpeide.
Dommar: Arild Vegsund, Norborg.

MSIL spelte sin første treningskamp for året, men brukte ikkje lang tid på å markere seg. Kristian Bunes putta til 1-0, etter at Dag Peter Olsen berre nesten greidde å avklare. Olsen måtte etter kvart gi seg pga strekk. Same Bunes blir felt etter halvtimen, og William Indrevåg skåra sikkert på straffesparket. Kva med HaNo? Hang spelemssig brukbart med, men var ikkje farlege nok når vi nærma oss MSIL-målet. Stig Erik Nogva kom inn og skapte ein del på venstrekanten, men innlegga blei plukka av ein solid MSIL-keeper. Samhandling angrepsmessig har HaNo ein del å arbeide med framover.

Mange baklengs
HaNo la om til 4-3-3 i andre omgang, og etter ein skummel og slurvete start, kom HaNo godt med tidleg i omgangen. Vegard Halkjelsvik låg bakerst på midten og fordelte fine pasningar, men vi greidde heller ikkje i denne gode spelemessige perioden å produsere veldig farlege målsjansar. Åge Flem Ulla kjempa godt på midten, og var nærmast skåring. Headinga gjekk berre i stolpen. MSIL viste at dei er like god som fjoråret (ingen tap i serien, men rauk i Playoff). Med Stian Hellevik frå Spjelkavik har dei fått ei god forsterking også. Han var uhyre rask, og skåra to mål i andreomgangen. HaNo slit med gjennomløpingar og når motstandaren set fart på ballen. Det må vi jobbe med fram mot seriestart. Henrik Åkre stod godt i mål, og hadde fleire gode redningar denne kampen.

HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Dag Peter Olsen, Michael Austnes, Demir Haram -Vegard Halkjelsvik, Lars Petter Haram, Åge Flem Ulla, Lars Åkre– Stig Frode Longva, Cato Longva.

Nytta innbyttarar: Stig Erik Nogva, Øyvind Risan, Preben Lorgen, Steven Haram.

26/03-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: