Aafk til Nordøy påskeaftan - Not
Reknar med at alle skjønte at denne saka hang saman med 1. april....
Aalesund har vore på jakt etter gode treningstilhøve på naturgras. No er det klart at tippeligalaget vil spele treningskamp mot Hødd på Nordøy laurdag.
Etter at nær 20 kubikk med sand vart forskriftsmessig strødd utover Nordøybana onsdag, gjekk ryktet fort om dei gode forholda. TV2 - ekspert Arne Sandstø var det som tipsa Kjetil \\\"Reka\\\" Rekdal om den ny-sanda bana. Og Rekdal lot seg rive med, og kontakta Hødd. Hødd, med midtbanemotor Erik Sandal i spissen tok utfordringa på kort varsel, og stiller til terningskamp mot storebror Aafk på Nordøy stadion laurdag.

- Vi treng ei skikkeleg gjennomkøyring no, før vi skal gruse Kongsvinger på måndag seier Reka i ein kommentar. Då er det kjekt at vi har så gode baner i nærleiken.

Dugnadsgjengen i HaNo FK er glade for at innsatsen deira på onsdag, vert lagt merke til. - Vi har alltid kalt ei spade for reka, så dette passar bra, seier dugandsgjengen sin anonyme talsmann. - Det var ein grusomt tung jobb. Men at det no vert toppfotball på stadion er nesten for godt til å vere sandt!:)

01/04-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: