Kvit Vårcup
Det vart ein kald og vanskeleg dag for fotball på Rogne søndag. Herd var det skarpaste laget, og vann framfor Brattvåg.
Då dei første kom til Rogne ca kl 10.30 søndag, var det sol og strålande forhold. Kvarteret seinare sette snøkava inn, og den varte meir eller mindre heile dagen. Etter kvart vart det ein del snø på bana, og ikkje heilt enkle speleforhold.

Brattvåg opna med kamp mot Herd. Brattvåg hadde berre 10 spelarar i første kamp, men dei 10 la ned ein solid laginnsats og vann 2-0.

HaNo/Lepsøy - Spjelkavik var neste kamp. Heimelaget tok leiinga ved Lillian Helland Kjerstad etter ei flott gjennombrotspasning frå Ingrid Farstad. Lillian avslutta fint i lengste. Men Spjelkavik kom tilbake, og utlikna på straffe. Laget tok også leiinga, før Nathalie Vedeld Dale sikra uavgjort på tampen etter fint forarbeid av Emily Smith.

Brattvåg - Spjelkavik enda også 2-2 etter ei sein utlikning frå Vika.

Neste motstandar for HaNo/Lepsøy var Herd. Her viste byjentene seg som det beste laget og vann til slutt 5-0.
Spjelkavik takka for seg etter 2 kampar, slik at det vart bestemt på kort varsel at Herd og Brattvåg, som begge laga gjerne ville spele meir, skulle avgjere Vårcup 2010 i ein rein finale. Herd vann her 1-0, og fekk med seg den største pokalen heim.

Liten tvil om at dette var tidenes Vårcup vermessig. Aldri har det vore så dårleg ver i Vårcupen si historie. Men trass alt fekk dei fleste eit greitt utbytte av turneringa, iallefall fysisk:)

18/04-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: