7-ar herrer: 4-4 mot Norborg
HaNo gjorde comeback i 7-arserien med 4-4 mot Norborg tysdag kveld. HaNo leia kampen 3-0, men oransjetrøyene kom tilbake, og gjekk opp i 3-4 leiing! Steven Haram ville det annleis, og fastsette sluttresultatet til 4-4.
Stig Frode og Cato Longva skåra kvart sitt, medan Steven blei tomålsskårar. 7-ar herrer skal vere eit tilbod til dei som ikkje startar 11-arkampane til HaNo. I tillegg nokre \"hobbyspelarar\" som ikkje satsar for fullt på 11-arlaget. Kvar gong vil det også vere med spelarar frå dei eldste på gutelaget. I dag var det fire derifrå: målvakt Sindre Longva, Mads Uri, Robin Vindsnes Haram og Tomas Urke.

Denne gongen spelte også Kenneth Hansen, Stian Longva, Stig Frode Longva, Cato Longva, Daniel Grebstad, Kent Inge Klokk og Steven Haram. Neste kamp er borte mot FK Sykkylven neste tysdag. God dommar var Ann Iren Austnes.

Andre resultat tysdag:
Godøy-Vigra 5-12
Brattvåg- FK Sykkylven 5-1

05/05-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: