J14: HaNo - Ørskog (1-7)
J14 hadde sin første kamp i går. Dei starta bra og leia 1-0 til pause, der Amalie Haram scora. Etter pausa kom Ørskog sterkt tilbake, og HaNo/Lepsøy greidde ikkje å halde oppe trykket. Kampen enda 1-7 til Ørskog
Tidleg i første omgong hadde HaNo/Lepsøy eit flott angrep som enda med mål til HaNo. Amalie Haram stod framme i feltet og fekk satt ballen rett under keeperen.

HaNo/Lepsøy fortsatte med godt spel heile første omgongen, og sjølv om Ørskog hadde fleire gode angrep haldt Jeanett Hagen målet tomt. Stillinga var 1-0 til pause.

I andre omgong kom Ørskog sterkt tilbake, og HaNo greidde ikkje å stå i mot så mykje lengre. Men vi hadde nokre fine angrep då også. Blant anna då Marianne Ulla tok i mot eit utspel frå keeperen på hovudet, og Kamilla Standal sette den like utanfor stonga.

Etter mange skader, blei det hardt for dei som måtte spele heile tida. Men dei jobba godt, og sjølv om kampen til slutt enda 7-1 til Ørskog synest eg alle skal vere nøgde med seg sjølv!!

05/05-10
Av: Ane Forr Austnes







5 siste nyheter fra J14:
Endå eit surt tap for J14!
Surt tap mot Skodje
Tap mot Valder
J14 - HaNo - Stordal 1-3
J14 HaNo - VRF


Hovudsponsorer: