Damelaget: Møter Herd onsdag
Etter 3 vekes pause, møte HaNo/Lepsøy Herd borte på onsdag. Herd står med ein siger og eit tap så langt.

3. divisjon kvinner
Herd - HaNo/Lepsøy
Onsdag 12. mai kl 19.00
Herd KGB
Dommar: Per Helge Liset, Stranda

HaNo/Lepsøy sine siste kampar:(HaNo/Lepsøy sine mål står først)
21. april BRATTVÅG 0-11
5. april BRATTVÅG 1-4
18. april SPJELKAVIK 2-2
18. april HERD 0-5

HaNo/Lepsøy si tropp:
Maria Ulla, Anna Longva, Tone Austnes, Sybell Rogne, Ane Forr Austnes, Seline Hoedemakers, Trude Haram, Ingrid Farstad, Eirin Buner, Lillian Kjerstad, Nathalie Vedeld Dale, Sunniva Seth, Linda Kristin Gjerde, Janne Solveig Kjerstad, Anna Austnes, Cathrine Helen Gjerde

Det har gått 3 veker sidan sist HaNo/Lepsøy - kamp. Vi har fått lagt bak oss nokre treningar sidan stortapet mot Brattvåg, og er klare for ein ny vanskeleg bortekamp mot Herd. Under Vårcupen tapte vi 0-5, men vi er no på jakt etter ein betre prestasjon enn det vi leverte både i den kampen og i serieopninga mot Brattvåg.

Klassetur og russefeiring har gjort at ein del ikkje har fått trent så bra som vi skulle ynskje. Men Herd - kampen er starten på ei periode med ein kamp i veka, og då skal vi kome i betre kampform etter kvart.

Martha Kjerstad, Emily Smith og Silje V Haram er uaktuelle til onsdagens kamp.

Andre kampar onsdag:(hanofk.no sine tips i parentes)

Spjelkavik - FK Sykkylven (U)
Stranda - Brattvåg (B)



11/05-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: