HaNo-tap mot effektive Emblem
Emblem tok HaNo på senga og fekk tomålsleiing etter to dødballar. HaNo hadde ein kjempesjanse til 1-2, men i staden kontra Emblem inn 3-0. 2. omgang var betre, men HaNo kom ikkje nærmare enn 2-3, før Emblem punkterte til 2-4 på overtid.
18.05.10, Nordøy stadion.
Kampfakta:
HaNo-Emblem 3-4 (0-3)
Mål:
0-1 (10)
0-2 (21)
0-3 (35)
1-3 Cato Longva (47)
2-3 Cato Longva (67)
2-4 (90+1)
3-4 Lars Petter Haram (str. 90+2)
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg
Dagens HaNo-spelar: Cato Longva
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Cato Longva
2 poeng: Henrik Åkre
1 poeng: Vegard Halkjelsvik

Lars Petter Haram rakk 3-4 på straffe på overtid, men Oddbjørn Hatlehol la ikkje til meir tid etter straffa, og dermed sluttresultatet 3-4. Eit noko bittert resultat etter spel og sjansar. Men det er mål som tel i fotball, og Emblem var definitivt dyktigare og meir effektive i ”boksane” denne kampen.

Effektive Emblem
Emblem hadde trykk i starten på den måten at dei skapte fleire hjørnespark. Når to av dei gir resultat, blir det 2-0 og verst tenkeleg start etter 20 minutt. Dei hadde ein kjempefarleg corner som Henrik Åkre redda glimrande i tillegg. Men HaNo hang absolutt med. Jonas Longva og Cato Longva kombinerte fint på høgre, og Kenneth Ulla kunne gitt 1-0 før Emblem-skåringane. Kenneth hadde også ei heading rett utanfor på stillinga 0-1. Den største brende Cato og Kenneth i ein gedigen dobbeltsjanse 10 minutt før pause. På ei klasse-kontring etter den situasjonen blir det i staden 0-3 før pause. Svært flatterande sett med HaNo-auge.

Betre i andre
HaNo fekk ein kanonstart på andre omgang, med ei Cato-heading rett i mål etter framspel frå Demir Haram. HaNo held fram med brukbart angrepsspel, og var stort sett først i duellane overalt på bana. Cato reduserte til 2-3 halvvegs i omgangen. Henrik Åkre heldt HaNo inne i kampen kvarteret før slutt med ei ny kjemperedning. Michael Austnes avslutta på noko som kunne gitt utlikning rett etter. HaNo prøvde å flytte fram folk på slutten, men då ballen sjeldan kom dit, greidde ikkje HaNo å skape eit skikkeleg trykk på slutten. I staden kontra altså Emblem inn 2-4, og då blei det for seint at HaNo fekk straffe og LP Haram reduserte til 3-4. Oddbjørn Hatlehol har nok hatt betre kontroll på fotballkampar før. I midten av 2. omgang heldt det på å utarte seg skikkeleg før det roa seg igjen. Defensivt må HaNo få orden på dødballar i mot, men tapet må angriparane dela skulda for gjennom dårleg effektivitet.

HaNo (4-3-3):
Henrik Åkre-Jonas Longva, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Demir Haram- Åge Flem Ulla, Vegard Halkjelsvik, Lars Petter Haram,–Cato Longva, Kenneth Ulla, Asgeir Nogva.

Nytta innbyttarar: Lars Åkre.


18/05-10
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: