7ar - laget slo Skodje
HaNo sitt herre 7ar - lag vann i kveld 7-4 mot Skodje. Kampen gjekk litt i rykk og napp for heimelaget.
7 - ar herre
HaNo - Skodje 7-4 (4-1)
Haramsøy gras
0-1 7 min
1-1 Kristian Kalvøy (14)
2-1 Kent Inge Klokk (26)
3-1 Lars Åkre (39)
4-1 Håkon Haram (42)
5-1 Lars Åkre (49)
5-2 (52)
5-3 (66)
5-4 (68)
6-4 Kent Inge Klokk (82)
7-4 Kent Inge Klokk (84)
Dommar: Kenneth Ulla

HaNo sitt 7-ar lag innkassert årets første 3-poengar i møtet med Skodje torsdag. Men det var gjestane som opna best og tok leiinga på eit velplassert skot.
Kristian Kalvøy sørga for balanse med eit fint raid og skot frå 10 meter. Siste delen av omgangen dominerte HaNo, og dei 3 siste måla kom etter fint spel. Då Lars Åkre auka til 5-1 etter 4 minutt av 2. omgang, verka kampen avgjort. Men Skodje ville det annleis. Dei kjempa seg tilbake i kampen, og på stillinga 5-4 stod kampen å vippa.
Då leita Kent Inge Klokk fram målteften, og avgjorde med to fine skåringar.

Ein noko ujamn kamp frå HaNo si side. Men som likevel enda med 3 fortente poeng.

HaNo sitt lag:
Martin Åkre, Daniel Grebstad, Mads Longva Uri, Håkon Haram, Steven Haram, Kenneth Hansen, Erlend Hagen, Per Olav Sunde, Lars Åkre, Stian Longva, Kristian Kalvøy og Kent Inge Klokk

20/05-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: