Tre poeng til HaNo
Nok ein gong vann HaNo ein sjanserik kamp på heimebane. Sigeren var fortent nok. Laget leia 3 – 1 ved halvtid, skapte flest sjansar og serverte til tider godt spel. ”Alltid kjekt å vinne! Etter ein dårleg start med baklengs kjempa vi oss inn i kampen att, skapte sjansar og mål. Men det vart litt meir spennande enn eg likte,” oppsummerte Lars Petter Haram etter kampslutt.
4. divisjon:

HaNo – Gursken/Larsnes: 3 - 1 (3– 1)
Nordøy gras
94 tilskuarar

Mål: 0 - 1 Tor Arne Myrhol ( 4 min)
1 – 1 Stig Frode Longva ( 15 min)
2 – 1 Cato Longva ( 17 min)
3 – 1 Stig Frode Longva ( 27 min)
3 – 2 Tor Arne Myrhol ( 83 min)

Dommar : Zenun Murati, Giske
Gult kort : Kurt Ove Longva, Gursken/Larsnes

Dagens HaNo-spelar: Michael Austnes

Dei elleve utvalde:
Øystein Bergheim, Audun Steen, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Richard Hansen, Stian Andre Haram, Lars Petter Haram, Alf Kåre Longva, Asgeir Nogva, Stig frode Longva og Cato Longva

Desse gjorde innhopp på kort varsel:
Odd Einar Molnes
Jonas Longva
Vegard Halkjelsvik


Vi er samde med trenar og lagkaptein. Unødvendig av HaNo å sleppe gjestane inn att i ein kamp heimelaget kontrollerte neste til siste sekund. Men då gjestane reduserte etter hjørnespark sju minutt før slutt, vart det litt hektisk og usikkert over heimelaget.

Det starta godt for gjestane som tok leiinga ved kaptein Myrhol då han sprang gjennom eit flatt og høgtståande heimeforsvar og skåra sikkert. Heldigvis for HaNo var brørne Cato og Stig Frode Longva i målform. Først gjorde Cato førearbeidet med eit godt skot. Målvakt Molvik gav retur, og Stig Frode var våken og innsida ballen i mål. Berre minutt seinare sende Kenneth Ulla ein fin stikkball til Cato som lurte av eit par mann før han elegant letta ballen over Molvik. Stig Frode trygga heimeleiinga då han rulla ballen i mål etter ein litt heldig halvtreff.

HaNo såg ut til å kontrollere andre omgong. Fleire gonger var Cato Longva nær ved å auke leiinga. Men anten var målvakt Molvik i vegen eller så var linjemannen oppe med flagget. I staden reduserte gjestane og skapte spenning i sluttminutta. Men HaNo og Øystein Bergheim heldt målet reint og berga tre nye, viktige poeng.
Michael Austnes spelte godt i HaNo sitt midtforsvar og stoppa fleire angrep med gode taklingar. På midtbana kjempa Alf Kåre Longva godt. På venstrekanten feira Asgeir Nogva 35 år utan at vi merka alderen på føtene, i alle fall. Framme skapte lettbeinte Cato stadig vanskar for gjestane, ofte etter godt samspel med bror Stig Frode.

16/05-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: