Nordøyhallen er plassert
|
Det nærmar seg for alvor byggestart for Nordøyhallen. Idag vart hjørna på hallen plassert ut, slik at gravinga kan ta til så snart klarsignalet kjem.
|
Det går stadig framover i prosessen med å få realisert Nordøyhallen. Sjølv om det framleis er nokre småting som ikkje er i boks, er målet å kome i gang med gravearbeidet så snart som råd. Planen er å ha ringmuren ferdig til ferien, slik at hallen kan reisast i september.
I dag var Jostein, Per Olav og Kenneth på grusbana for å plassere ut den 69*45 meter store hallen. Vi markerte hjørna, for seinare å sette opp salingar som det kan gravast etter. Vi er på ein måte i gang!
|